Haddal vil ha eit offentleg styrt beredskapsapparat som kan handtere rømminga og gjenfangsten, på same vis som det offentlege styrer handteringa av forureiningsulykker.

— Skal du få til ei effektiv mobilisering og samordning av offentleg og privat innsats, så må du ha ei offentleg styring, seier Haddal.

Eit slik beredskapsapparat kan ikkje byggje på dugnadsinnsats, men også ha profesjonelle folk å kalle på når oppdrettsfisk rømmer. Rekninga for gjenfangsten må sendast til den ansvarleg for hendinga.

  • Ut frå prinsippa i miljøretten om at forureinar skal betale bør oppdrettaren betaler når ting går gale, seier Haddal.

Fånyttes metodar

Forskar Øystein Skaala ved Havforskningsinstituttet er samd med Haddal i at det offentlege bør ta styringa over gjenfangst av rømt fisk.

  • Vi har ei offentleg forvaltning av dei marine ressursane og av kystsonen, og det er meiningslaust å overlate til lokale industriselskap og lokale organisasjonar å drive den forvaltninga, seier Skaala.

Ein av dei praktiske grunnane til at Skaala tykkjer offentleg styring er ein god ide, er at dagens metodar for å fange oppdrettsfisk er nesten fånyttes.

— Når fisken rømmer så er det ein stor del som dykkar umiddelbart, og så spreier den seg over fleire kvadratmil i løpet av nokre dagar Skaala.

Det betyr at dagens metodar for å fange rømlingane, med garn og not i overflata nær anlegget like etter at fisken er rømt, er dømt til å gi dårleg resultat. Dessutan er dagens gjenfangstmetodar eit problem for villfisk som går i garnet når oppdrettarane prøver å fange inn oppdrettsfisken.

Ut frå prinsippa i miljøretten om at forureinar skal betale bør oppdrettaren betaler når ting går gale

HANS HADDAL, REGIONDIREKTØR I FISKERIDIREKTORATET REGION VEST

Må stoppast i elvane

Det viktigaste med rømt oppdrettslaks er å hindre at den går opp i elvane og gyt, slik at den ikkje fortrengjer den ville laksen.

Difor er det der den kan og må stoppast, meiner Skaala.

Det kan skje ved bruk av kilenøter, ved å utvikle hinder som gjer det råd å sortere ut oppdrettsfisk på veg opp i elvane og ved å bruke dykkarar som fangar oppdrettsfisken i elvane.

Men denne gjenfangsten skjer gjerne langt vekke frå der fisken rømde og kan også gå føre seg lenge etter rømminga. I tillegg kan det vere vanskeleg å finne ut kvar oppdrettsfisken som blir teken i elvane kjem frå.

Styrkjer samarbeidet

Regiondirektør Hans Haddal i Fiskeridirektoratet er samd i at gjenfangsten i sjø gir magre resultat, slik den vert driven i dag. Mobilisering av innsats i vassdraga er difor det mest målretta vi kan gjere når ting skjer. Det er elvane som er sentrale i oppryddingsarbeidet etter ei rømming.

Men Haddal meiner likevel at innsatsen med garn og nøter - spesielt om det skjer like etter at fisken er rømt - er viktig. Og også då vil ei offentleg styring vere eit pluss.

Erfaringa frå Sunde - då 9000 laks rømde i sommar - viser at oppfølginga av slike hendingar lett blir kaotisk, meiner Haddal.

  • Ei slik beredskapsordning vil også kunne føre til betre samarbeid mellom styresmaktene og næringa. Då vil det ikkje vere eit samarbeid frå sak til sak, men eit ståande samarbeid der det er betre høve til å øve, utveksle erfaringar og ikkje minst lære, seier han.

Ordknappe oppdrettarar

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL), som organiserer oppdrettsnæringa, vil ikkje kommentere framlegget om ei offentleg styrt beredskapsordning for å handtere rømming frå oppdrettsanlegg.

— Vi meiner det er vanskeleg å kommentere enkeltpersonar sine utspel og tankar. Vil held oss til Fiskeridirektoratet som institusjon og det regelverket det forvaltar, seier Aina Valland, direktør for miljø i FHL

Sei di mening i kommentarfeltet under!