Fleire mastemotstandarar skal snart møta i retten. Politiet har gitt bøter på 12000 kroner til fleire bunadskledde protestantar denne sommaren. Dei har aksjonert mot dei nye kraftmastene som vert sett opp mellom Sima og Samnanger.

Jens, Terje og Erik

Men ingen har godtatt bøtene og skal derfor møta i retten.

I dag vart det klat at dei ikkje vil møta åleine. Hardangeraksjonen har stemna Jens Stoltenberg, Terje Riis Johansen og Erik Solheim i sakene der mastemotstandarane skal svara for seg.

— Alle desse er ansvarlege for denne utbygginga og også ansvarlege for den dårlege prosessen som førde fram til utbygginga, seier Anita Aalvik, nestleiar i Hardangeraksjonen.

Rettssakene startar tysdag i Bergen Tingrett med to aksjonistar og held fram onsdag med ni til.

— Jens Stoltenberg er øverste beslutningstakar i prosessen, og det er særdeles viktig at han møter i rettsaka, seier Anita Aalvik.

Er det rett å stemne politikarane i desse rettsakene? Sei di meining.