I dag fekk samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppaoverlevert utgreiinga frå Vegvesenet om korleis ein av dei viktigastestamvegane mellom vest og aust kan rustast opp.

På kort sikt, dvs. innan 2019,vil Statens vegvesen ruste opp Strynefjellsvegen for 400 millionar. Detteinneber utbetring av tunnelar og rassikringstiltak.

Tunnelmilliardar

På lang sikt, altså etter2019, er rådet å byggje nye tunnelar for 1,5 milliardar.

Heilårsvegen over Strynefjellet med Ospelid-, Grasdal— ogOppljostunnelen blei opna på slutten av 1970-talet.

Vegen har sidan vore detviktigaste vegsambandet mellom Nord-Vestlandet og Austlandet. Men no ertunnelane utgått på dato. Dei er for smale og for låge for dagens tungtrafikk,og både transportørarar og brannsjefar på begge sider av fjellet har gittuttrykk for at dei fryktar for alvorlege ulukker.

Snøras

Delar av vegen som går idagen, er også usett for snøras. I tillegg trur mange trafikken vil aukeytterlegare når den nye ferjefrie Kvisvegen frå Hornindal til Volda står klartil bruk før jul.

Statens vegvesen rår frå ei løysing der dagens tunnelar blirutvida. Tunnelarbeidet vil gje lange stengetider, ei løysing som vil påføretrafikantane så store ulemper at det ikkje kan forsvarast. Dessutan viserutrekningar at det blir like dyrt å byggje nye tunnelar som å utbetre deigamle.

— Som kortsiktig løysing rårvi til ei sikkerheitsopprusting av dagens tunnelar. På lenger sikt rår ein tilå bygge nye tunnelar i om lag same trasé som dagens tunnelar for å fåtilfredsstillande standard over fjellet, seier prosjektleiar Inge Alsaker iStatens vegvesen.