I det grå produksjonsbygget til fiskeribedrifta Sekkingstad på Sotra er ikkje lenger sjefen norsk. Frå årsskiftet bytte dei tilsette i fabrikken arbeidsgjevar, frå Sekkingstad AS til polske Norse Production. Det er ei endring som kan få konsekvensar langt utover den vesle bedrifta utanfor Bergen.

For Sekkingstad ser ut til å ha funne eit smutthol i EUs vikarbyrådirektiv, som frå nyttår skulle sikre alle gjestearbeidarar her i landet norske løns— og arbeidsvilkår:

For austeuropearane på fabrikken på Sotra er ikkje lenger vikarar i eit norsk selskap, men tilsette i eit utanlandsk firma i Norge. Sidan Norge ikkje har lovfesta minsteløn, betyr det at dei tilsette, ifølgje Arbeidstilsynet, «kan settes til arbeid på det lønnsnivå som gjelder i landet de er utsendt fra». Minsteløna i Polen er 2900 kroner månaden, i dei baltiske landa endå lågare.

Det einaste unnataket er bransjar som har fått lovfesta tariffløn, såkalla allmenngjorde avtalar. Det har ikkje næringsmiddelindustrien.

POLSK SJEF: Jorunn Sture Mathisen har 24 år bak seg i fiskeindustrien på Askøy og Sotra. No er ho blitt tilsett i eit polsk firma, sjølv om jobben og løna er som før.
EIRIK BREKKE

Stolt av løysinga

Adm. direktør, Bård Sekkingstad, seier vikarbyrådirektivet gjorde det umogleg for dei å halde fram som før, med ein fast norsk arbeidsstokk på norsk løn og vikarar innleigde frå Aust-Europa, med lågare løn, som tok toppane. Norsk løn til alle ville blitt for dyrt.

— Det ville ikkje bli berekraftig med det omfanget av innleigde vikarar som vi har, så vi måtte finne ei løysing, seier han.

Løysinga vart at alle tilsette i produksjonen fekk ny, polsk arbeidsgjevar. Samstundes fekk dei behalde same løn og arbeidsvilkår. Då får dei rundt 40 austeuropearane ifølgje Sekkingstad 100 kroner timen, medan dei 20 norske arbeidarane får norsk tariffløn, som er langt høgare.

— Eg er stolt av at vi har funne ei løysing som gjer at vi held arbeidsplassane her på Skaganeset, seier Sekkingstad, som ikkje har mykje til overs for kritikken frå fagrørsla.

— Eg oppfattar det som eit slag under beltestaden, for det er eigentleg på tvers av interessene til eigne medlemmer i bedrifta, seier han.

Polsk direktørløn

Kasia Czaja bur i Polen, eit land der minsteløna er 2900 kroner i månaden. Ho er godt nøgd med løna ho får på Sekkingstad:

— Her tener eg rundt 20.000 kroner. Det er det same som sjefane i dei store selskapa i Polen tener, seier ho.

Av dette går 6000 med til kost, losji og reise. Resten tek ho med heim til husbygging i Polen.

Varslar demonstrasjonar

LO-forbundet Norsk Nærings— og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) er på krigsstien mot det dei ser som undergraving av vikarbyrådirektivet.

— Det å flagge ut drifta til eit polsk selskap på denne måten er sosial dumping, seier organisasjonsansvarleg Kjell Mjaatvedt i NNN.

Dei varslar no aksjonar mot Sekkingstad.

— Vi vil ta kontakt med daglegvarekjedene Rema, ICA og Safari i Hordaland, som sel Sekkingstad-produktet Enghav. Vårt mål er at det ikkje skal vere lukrativt å samarbeide med Sekkingstad, seier Mjaatvedt.

NNN vil òg ta kontakt med firma som leverer laks til Sekkingstad, og med Barne-TV konseptet Vennebyen som Sekkingstad har eit samarbeid med. I tillegg vil NNN ta kontakt med Euro-LO, med mål om få til aksjonar mot Sekkingstad sine eksportprodukt i Frankrike.

Lokalt kan det bli demonstrasjonar utanfor butikkar som sel Sekkingstads varer.

— Når vi får områdd oss litt kjem vi til å gjere nokre stunt mot butikkane som har desse produkta, seier NNN-leiar i Hordaland Rolf Borlaug.

Fryktar for arbeidsplassane

Dei norske arbeidarane vi snakkar med stadfester at dei har fått med seg løns- og arbeidsvilkår over i det polske selskapet. Ifølgje tillitsvald Jorunn Sture Mathisen (67) har dei fått kontraktar som seier at dei skal følgje norsk tariffløn. Ho seier alternativet til ei polsk løysing ville vere at produksjonen vart nedlagt, og Sekkingstad dermed vart ei rein sals- og marknadsføringsbedrift.

Leiar Rolf Borlaug i NNN Hordaland meiner bedriftsleiinga har skremt dei tilsette til å akseptere å bli flytta over i eit polsk selskap.

— Andre bedrifter som er like Sekkingstad klarer seg ganske bra, så kvifor gjer dei dette når økonomien er sunn, seier han.

Sekkingstad AS hadde i 2011 eit overskot på 25,5 millionar kroner, av ei omsetning på 1,8 milliardar.

— Her handlar det ikkje om noko direktiv, men om nokre menneske som vil auke sin eigen forteneste, seier han.

For dei tilsette i Sotra-bedrifta ser likevel verda annleis ut. Jorunn Mathisen fryktar følgjene av aksjonar frå NNN.

— Viss dei øydelegg dette opplegget her, mistar vi jobbane våre, seier ho.

— Vi respekterer at dei ser det på den måten, men då må dei respektere at vi ser det annleis, seier Borlaug i NNN, og legg til:

— Viss alle fiskeribedriftene gjer det på denne måten vil det bli ein katastrofe for næringa. Det er ikkje slik det skal vere.