Framtidskonseptet er eit ferjefritt E 39-alternativ som Statens vegvesen har til vurdering.

Ei flytebru over Bjørnefjorden i Hordaland blir verdas lengste og ei teknologisk kjempeutfordring med opp mot 600 meter lange forankringsstag til botn. Til samanlikning er Nordhordlandsbrua 1246 meter lang og sjølvstabiliserande med si bogeform.

Kombinert med ei rundt 750 meter lang høgbru ved Søre Øyane på Halhjem-sida — som skipstrafikken skal gå under, ei bru over Langenuen og ny veg over Reksteren på Tysnes gir det ein 74 km lang motorveg mellom Leirvik og Bergen. Strekninga kan tilbakeleggjast på 50 minuttar, mot i dag 109 minuttar inkludert ferja Halhjem - Sandvikvåg.

2 t og 10 minutt til Stavanger

Heile prosjektet er kalkulert til 16 milliardar kroner, mot 9 milliardar for eit 98 km langt ferjefritt-alternativ om Fusa og med bru over Langenuen, og som vil ta 65 minutt å køyra. Fusa-alternativet samsvarar med NHOs Hordfast-framlegg.

Medrekna andre planlagte utbetringar av kyststamvegen, som Rogfast under Boknafjorden kan ein ny korridor Stord-Bergen hjelpa til med å få ned køyretida mellom Stavanger og Bergen frå dagens 4 timar og 25 minutt til 2 timar og 10 minutt i framtida, sa senioringeniør i vegvesenet, Bjørn M. Alsaker på dagens møte på Stord i samarbeidsgruppa for konseptvalutgreiing E 39 Aksdal - Bergen.

Luftige forslag

Konsept-gruppa har også vurdert andre spenstige framtidsløysingar for hovudvegen mellom Stord og Bergen.

Det dyraste konseptet er bru over Langenuen, tunnel ved Godøy på Tysnes og nedsenka røyrbru til Os. Prisen er rekna til 25 milliardar kroner, og køyretida Leirvik-Bergen kan pressast ned til 49 minutt.

Ytre-alternativet med ny veg på vestsida av Stord, tunnel under Selbjørnsfjorden, ny veg over Austevoll og fleire bruer, blant anna hengjebru til åtte milliardar kroner over Korsfjorden, totalpris 17 milliardar kroner.

Kva synest du om planene? Diskuter i feltet under!