— Det går så det grin, her.

Tor Andreas Bremnes (26),butikkarbeidar.GRUNNLØN: Ca 350.000 kr.- Vi kan vise moderasjon, men då må arbeidsgjevar gjere det same. Vi må i alle fall bevare kjøpekrafta. I tillegg må vi få heva ubekvemstillegga, som har stått stille i 12–13 år. Og vi må behalde garantiløna, som sikrar oss 95 prosent av industriarbeidarløn.
TOR HØVIK

Bjørnar Rosseland (30) er optimist. Stemninga i dei grå betongbygga til smelteverket Bjølvefossen ved Hardangerfjorden har snudd. Det er berre 4–5 år sidan heile det tradisjonsrike verket i Ålvik skulle flyttast til Island. I januar vart hovudproduktet, ferrosilisiummagnesium (FSM) flytta heim att. Islendingane klarte ikkje å få dreis på den kompliserte smelteprosessen.— Det handlar om kvalitet. Vi er rett og slett dei flinkaste på nøyaktigheit på produktet, seier Rosseland.

Likevel er det neppe siste gong Ålvik-folket må kjempe for å halde på hjørnesteinsbedrifta. Straumen frå vatnet i fjellet ovanfor, den einaste grunnen til at kraftkrevjande tungindustri hamna inn i fjordane på Vestlandet, har blitt salsvare.

Men Rosseland har noko å falle tilbake på. Etter seks år som smelteverksarbeidar, fekk han i fjor fingeren ut og tok ferdig fagbrevet. Så no er han ein av verkets elektrikarar.

Med alle tillegg tener han omtrent det same som andre elektrikarar. Men medan dei jobbar ni til fire, må han jobbe kveldar, helgar og netter for å få same løna.

— Eg har alltid vore den typen som er strålande fornøgd så lenge pengane kjem. Når det gjeld årets oppgjer, har eg litt forventningar til det lokale, så får andre ta seg av resten, seier han.

- Vi blir ringt ned

Vasskraft har skapt ein av vår viktigaste eksportindustriar i hundre år, medan oljen først dukka opp på slutten av 1960-talet. Men no har han tatt over i så stor grad at det trugar all anna eksportindustri med utsletting.

Iren Ramsøy (42),spesialsjukepleiar.GRUNNLØN: 411.000 kr.- Eg forventar at vi går litt opp i løn. Det er vel fire prosent forbundet har sagt. I tillegg er det viktig å få betalt for kompetanse, og få meir utteljing for utdanning og lang erfaring. Så må vi stå i mot krav om å jobbe meir utanom vanleg arbeidstid.
TOR HØVIK

For høg oljepris har pressa norske lønningar høgt over andre land det siste tiåret. Når fagforeiningstoppane i Fellesforbundet og deira motpart i Norsk Industri opnar årets lønsoppgjer i dag, blir det små generelle lønskrav.

Men det ligg i korta at dei som jobbar i oljeindustrien kan vente seg feite lokale oppgjer seinare i år. Spesielt ingeniørar har for tida gode kort på handa.

Ørjan Aasheim (34),bussjåfør.GRUNNLØN: Ca. 350.000 kr.- Slik det har gått tidlegare år har eg ikkje store forventningar, men i år er eg sikker på at det blir streik. Skulle vi tatt att etterslepet i forhold til industriarbeidarløna, som vi vart lova i 2007, måtte vi hatt ti kroner ekstra i timen. Det trur eg ikkje vi får.
TOR HØVIK

— Vi blir ringt ned av headhunterar som vil rekruttere oss, seier Christoffer P. Ekeli (25). Han jobbar i eit kontorbygg på Sandsli utanfor Bergen, med Statoil som nærmaste nabo og største kunde.

Mangel på folk

Ingeniøren jobbar på bergensavdelinga i det ingeniørtunge trondheimselskapet Reinertsen, som leverer og vedlikeheld innretningar for oljeindustrien. Det er under to år sidan han forlét Høgskulen i Bergen med ei treårig ingeniørutdanning i undervassteknologi, og konkurrentar lokkar med solide lønshopp.

Men Ekeli er fornøgd der han er. Medan den allmenne lønsveksten i fjor var på litt over fire prosent, fekk ingeniørane i bergensavdelinga til Reinertsen pumpa opp løna over sju prosent i snitt. Og han trur ikkje det blir så mykje dårlegare i år.

— Det er ein pressa situasjon. Ifølgje Teknisk Ukeblad manglar det 16.000 ingeniørar her i landet. Alle vil sjølvsagt ha meir i løn. Så eg vonar lønsoppgjeret går bra i år òg, mest fordi folk skal bli fornøgd nok til å forbli i Reinertsen, seier han.

Krev over fire prosent

Utanom ingeniøren er det ikkje dei heilt store forventningane til lønstillegg i år blant dei seks vi har samla til eit lønsoppgjerpanel. Det er kanskje heller ikkje så rart, etter mykje moderasjonspreik frå både politikarar, LO og NHO.

Då LO la hovudlinjene for årets oppgjer i februar, var kravet kjøpekraftforbetring. Men det kan vi få nesten utan lønstillegg i det heile, fordi prisstigning i år er venta å bli under 1,5 prosent, medan tillegg frå i fjor gjer at dei fleste allereie tener over ein prosent meir enn i fjor (det såkalla lønsoverhenget).

Men så moderat blir årets lønsoppgjer neppe, i alle høve ikkje utanom konkurranseutsett industri. Lærarane, sjukepleiarane og dei andre offentleg tilsette utdanningsgruppene i hovudorganisasjonen Unio, har til dømes sagt dei vil ha over fire prosent.

Utlendingane kjem

Dei hardaste kampane i årets lønsoppgjer kan stå om andre ting enn løn. Fellesforbundet vil ha inn betre vern mot vikarar og billig utanlandsk arbeidskraft i avtalane.

Indirekte har likevel det òg med løn å gjere, for ingenting får opp lønningane som mangel på folk.

Kva ventar du deg av årets lønnsoppgjer? Sei di meining.