— Vi skal ta vare på miljøet og byggje den grønaste stamvegen i Europa, seier Alf Helge Greaker (V), som er nestleiar i samferdsleutvalet i Hordaland fylkesting.

Venstre gjekk på fylkesårsmøtet i helga inn for midtre traseen over Bjørnafjorden, på den planlagte ferjefrie E39 mellom Bergen og Stavanger. Som det miljøpartiet dei er, meiner dei midtre trasé òg vil gjere det lettare å byggje jarnbane på strekninga, i tillegg til vegen.

Fleirtal med Høgre

Frå før har òg Framstegspartiet gått for midtre trasé, og det er dermed berre Høgre som står att før det er fleirtal for traseen i fylkestinget.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) seier Høgre ikkje har teke stilling enno, trass i eit tidlegare vedtak om å gå for indre trasé om Fusa.

— Det vart fatta i samband med den førre diskusjonen, heilt tilbake i 1997. Så eg vil ikkje seie vi har noko offisielt standpunkt for det eine eller andre enno, seier han.

Kan bli klart i mars

Nyleg kom det ei utgreiing som viste at midtre trasé vil gje størst samfunnsmessig nytte. I tillegg går næringslivet i Bergen og ytre delar av fylket massivt for midtre trasé, som vil gje kortast køyretid mellom byane.

Nilsen vedgår at det veg tungt for Høgre.

— Ja, men det er delte syn òg i Høgre, og det følgjer geografiske skiljelinjer, seier han.

- Slik at Hardanger er for indre trasé, medan resten går for midtre?

— Ja, det er mitt inntrykk, seier han.

Høgre har ikkje nokon plan for når dei skal fatte sitt vedtak, men truleg skjer det på fylkesårsmøtet i mars.

— Det ville ikkje vere merkeleg om det dukka opp ein resolusjon om det der, seier han.

Kva fylkestinget vedtek, vil vege tungt når Stortinget til slutt tek endeleg stilling til trasévalet.