Mange nye oppdrag i fjerde kvartal er trøysta for Bergen Group, som berre så vidt gjekk med overskot i fjor.

I løpet av 2010 auka ordrereserven hos verftskonsernet frå 4,2 til 5,8 milliardar kroner. I januar i år skreiv konsernet kontrakt med Sartor Offshore om bygging av tre skip for til saman ein milliard kroner, og konsernet reknar med å ro i land fleire nye kontraktar framover.

Bergen Group ASA hadde driftsinntekter på 3,3 milliardar kroner, og sat att med eit overskot før skatt på to millionar i 2010.