— Denne planen er eit signal til utbyggjarar om kvar vi meiner det kan byggjast ut vindkraft. Men vi må ikkje overdimensjonere kor viktig dette dokumentet vil bli. Det er den enkelte konsesjonssøknad som skal avgjere om det blir utbygging eller ikkje. Og eg trur ikkje det vil bli bygt ut ein vindpark dersom den aktuelle kommunen seier nei, sa Harry Mowatt (Ap).

Norvall Nøringset (SV) hadde ei noko anna tilnærming, og ville ha ei strammare plan med strengare vurdering av kva område som kan vere aktuelle for utbygging.

Omstridd

— Vi er ikkje mot verken vind- eller vasskraft, men ikkje samde i kor langt vi skal gå. Eg meiner denne planen var betre slik han kom frå fagfolka, sa SV-politikaren.

Vindkraftplanen har vore omstridd av fleire årsaker. Politikarane endra kriteria, og opna for utbygging i langt større område enn det fagfolka først tilrådde. Etter at mellom andre organisasjonar for vindindustrien engasjerte seg, blei fleire område, der fagfolka meinte konfliktane ville bli for store, tekne inn i planen.

Vindkraftplanen skal vere ein del av grunnlaget for å avgjere konkrete søknader om utbygging. Ei rekkje område, frå Gulen i sør til Selje i nord, blir opna for utbygging. I alt 42 personar, lag og organisasjonar har skrive høyringsfråsegner. Innvendingane frå desse har berre i liten grad påverka planane sidan politikarane hadde planen oppe første gong i fjor vår.

— Fagfolka var etter mitt syn for strenge. Eit godt døme på det er at Mehuken, den einaste vindkraftparken som finst i fylket, ikkje ville blitt bygd ut dersom planen faggruppa la fram hadde blitt vedteken, sa Mowatt.

Brudd

Nøringset viste på si side til at politikarane lyttar til fagfolk i andre saker.

— Når vi gjer det i saker som gjeld skule og helse, må vi også kunne gjere det om natur og miljø.

Gunn Åmdal Mongstad (Sp) og Norunn Lunde Furnes (KrF) braut med sine grupper og røysta med SV.

— Eg trur det finst andre sjansar for kysten enn vindkraft. Eg skulle gjerne sett at vi markerte oss sterkare og gav litt klarare signal i denne planen, sa Åmdal Mongstad. Ho er ordførar i Solund, ein kommune der det er lansert store utbyggingar: - Desse sakene blir vesentleg vanskelegare når dei kjem inn på livet.

Same synet gav Lunde Furnes uttrykk for:

— Slik denne planen no ligg føre, seier vi i realiteten at det er fritt fram.

Kva meiner du? Sei di mening under.