Etter ein kort tenkjepause, som partane brukte til ein høglydt krangel, opna dommar Lars Borge Andresen i går ettermiddag konkurs i Petromena.

Temperaturen i rettslokalet vart så høg at deltakarar kunne høyre diskusjonen heilt ut på gangen. Konkursen i det viktigaste riggselskapet i Berge Gerdt Larsen-sfæren set neppe punktum for striden.

Medan dommaren grunna på avgjerda sa Norsk Tillitsmann sin advokat, Richard Sjøqvist, at långivarane var innstilt på nye rundar i rettsvesenet.

Norsk Tillitsmann representerer långivarane som har gitt obligasjonslån på til saman 5,5 milliardar kroner til Petromena. Ein obligasjon er eit gjeldsbrev som kan kjøpast og seljast.

Langvarige prosessar

Norsk Tillitsmann kjem til å gå direkte på Berge Gerdt Larsen sitt heileigde selskap, Larsen Oil & Gas i følgje Sjøqvist.

— Uansett korleis det går her vil det blir prosessar gjennom år, sa han.

Långivarane ynskte ein konkurs.

— Det er ein klar fordel for obligasjonseigarane etter ein konkurs fordi bustyret vil ha ei rekke tvangsmiddel, mellom anna å kunne gå gjennom rekneskapen som dei i dag ikkje har tilgang til. Og så vil ein kunne setje i verk rettslege prosessar for å sikre verdiar, sa Sjøqvist.

Han peika spesielt på Singapore, der dei tre moderne riggane Petromena hadde tinga er bygd.

Arrest i Larsen-millionar

Norsk Tillitsmann tok alt i sommar dei første rettslege stega direkte mot Berge Gerdt Larsen-familiens heileigde selskap, Larsen Oil and Gas Limited.

Norsk Tillitsmann krev cirka 250 millionar kroner frå selskapet. Kravet skuldast at ein del av inntektene Larsen Oil and Gas Limited får som forretningsførar for riggen «SS Petrolia» er pantsett som tryggleik for lån til Petromena. «SS Petrolia» er utleigd til det meksikanske oljeselskapet Petrolia.

Kravet mot Larsen Oil and Gas Limited vart fremja i Bergen i sommar. Samstundes kravde, og fekk, Norsk Tillitsmann mellombels arrest i deler av selskapet sine midlar i Skottland.

Det betyr ikkje at Norsk Tillitsmann har fått pengane, berre at dei er låst inntil vidare.

Forhandla til siste slutt

Styret og leiinga i Petromena forhandla til siste slutt for å unngå konkurs.

I følgje styreleiar Erik Frydenbø i Petromena var det semje om ein avtale klokka 15 i går. Vilkåret for å lykkast var at kravet om konkurs vart trekt.

Den oppfatninga vart møtt med heftige protestar av Norsk Tillitsmann, som meinte vilkåra for ein avtale ikkje var på plass.

Leif Holst, konstituert administrerande direktør etter at Lars Moldestad trekte seg i starten av november, måtte i går berre fastslå at redningsaksjonen for Petromena ikkje førte fram.

— Det er ei kompleks sak. Her er så mange element og partar i dette. Det er eingong slik at det vert kravd at alle vert eining, seier Holst.

Konkurs i tredje forsøk

Petromena har vore i konflikt med långivarane sidan i vår.

Striden gjeld lån på til saman 5,5 milliardar kroner, pengar som var lånt for å finansiere bygginga av tre riggar i ved eit verft i Singapore.

To gongar i haust har Petromena lukkast i å få avvist forsøk på å slå selskapet konkurs.

Norsk Tillitsmann tapte første runde fordi retten kom til at selskapet ikkje hadde rett til å slå Petromena konkurs. Det måtte långivarane gjere sjølve.

Deretter stifta Norsk Tillitsmann eit eige selskap som kjøpte obligasjonar i marknaden for å omgå den første rettsavgjerda. Også det forsøket vart avvist.

I sitt tredje forsøk hadde Norsk Tillitsmann ei fullmakt frå eit obligasjonseigarmøte i ryggen.