Kampen mot billig utanlandsk arbeidskraft i Noreg kan bli det heitaste temaet i årets lønsoppgjer. Det er klart etter at Fellesforbundet i dag presenterte sine krav. Forbundet er, tradisjonen tru, først ute og set tonen for heile oppgjeve.

Som venta blir lønskrava i år små. Alt Fellesforbundet krev i lønsposen er å behalde kjøpekrafta. Langt meir strid kan det bli om punktet «Forsvar av det organiserte og seriøse arbeidslivet».

Dei vil mellom anna ha inn strengare krav til innleigd arbeidskraft og ei forenkla allmenngjeringsordning. Det siste betyr at regjeringa òg blir ein part i oppgjeret, fordi det vil krevje ei lovendring.

Tapte i Efta-domstolen

Krava mot innleige og sosial dumping kan bli skjerpa fram til forbundet skal spikre detaljane i årets krav i slutten av februar. Det seier leiar Roar Abrahamsen i avdeling 5 i Fellesforbundet i Bergen, som deltok på tysdagens styremøte der krava vart vedtekne.

— Ingen av oss har fasitsvaret i dag, korleis krava vil sjå ut, seier han.

Ein av årsakene til det er at regjeringa og Fellesforbundet måndag tapte ei sak i Efta-domstolen om allmenngjering. Domstolen gjev Bergen Group og åtte andre verft rett i at Norge ikkje kan allmenngjere kravet om at arbeidsgjevarane skal dekke reise, kost og losji for utanlandske selskap som jobbar i Norge.

Meir press på Ap

Abrahamsen varsla i BT tysdag at det vil bli tema i lønsoppgjeret. Saman med LO-forbundas kamp mot EUs vikarbyrådirektiv, teiknar det til ein vår der lønsoppgjeret vil ha delt brodd mot arbeidsgjevarar og den raudgrøne regjeringa.

For Arbeidarpartiets stortingsgruppe står framleis fast på at dei vil stemme for direktivet, som eit stort fleirtal i LO meiner kan øydeleggje vernet om fast arbeid i arbeidsmiljølova.

— Det ligg ganske mykje oppå kvarandre, både Efta-saka og vikarbyrådirektivet, seier Abrahamsen.