Derfor har Oslo fått nye korrupsjonsskandalar i over 20 år. I 1989 avdekka Arbeiderbladet (i dag Dagsavisen) eit korrupt nettverk rundt Boligetaten og Bygge— og vedlikeholdstjenesten. Journalistane samarbeidde med Antikorrupsjonsutvalet i RV (i dag Rødt). Opprullinga kosta Høgre og Frp ein byrådsleiar, to ordførarar og eit valnederlag.

Ukultur overlever

Medieomtalen i 2011 starta med at ABC-nyheter intervjua Rødt-politikaren Ingrid Baltzersen i bystyrekomiteen for samferdsel. Politiet og Kommunerevisjonen var i gang før medieomtalen, i 1989 og i 2011. Dyktige journalistar har gravd vidare. Det er nok å ta av. Enkelt sagt: Korrupte nettverk hadde neppe overlevd om toppolitikarane i Rådhuset hadde rydda i eigen ukultur etter 1989. Nokre få direktørar er grådige og frekke. Den avsette Unibuss-direktøren er sikta for å ha bygd på huset for kommunale pengar. Påbygget var og ulovleg.

Problemet er likevel at rådhuspolitikarar beskyttar slike direktørar. Korrupte aktører i privat næringsliv lykkast derfor gong på gong og tener store pengar. Dei lykkast på grunn av ukulturen i det øvste politikarsjiktet i Rådhuset.

Bekjempe korrupsjon

For ikkje å bli misforstått: Eg meiner ikkje alle politikarane beskyttar ukulturen. Eg meiner heller ikkje at dei fleste direktørane i kollektivtrafikkselskapa er korrupte. Mange er dyktige og ærlege. For ikkje å snakke om sjåførane, bussvaskarane og resten av fotfolket. Dei vil korrupsjonen til livs.

Uklare ansvarsforhold gjer det lettare å svindle. 16 kollektivtrafikkselskap fordelt på tre kommunale konsern står i Foretaksregisteret. Byråd Ola Elvestuen (V) har ansvaret for alle. Tidlegare låg ansvaret hos Jøran Kallmyr (Frp) og før det hos Peter N. Myhre (Frp). Han måtte gi frå seg ordførarkjedet da Oslo-valet i 1991 halverte Frp. Oslofolk hadde fått nok av ukulturen i Rådhuset.Helge B. Leite som er sikta for korrupsjon og avsett, står i Foretaksregisteret som direktør i Unibuss AS og som styreleiar i eit anna av Elvestuens kommunale AS. Teknikken med ikkje å melde endringar til Foretaksregisteret såg vi og da Aftenposten og Kommunerevisjonen avdekka delar av Undervisningsbygg-korrupsjonen i 2006. Kven kan halde oversyn når toppane tildekkar slik?

Millionane ruller

Politikarskapt selskapsjungel og direktørslurv med Foretaksregisteret hindrar innsyn i ansvarsforholda. Eit av dei ukjente selskapa er Interoperabilitetstjenester AS. Samferdselsbyråd Myhre (Frp) oppretta selskapet for å «utarbeide grunnlag for avregning mellom operatører som benytter elektroniske billettsystemer for persontransport i Norge, samt tilhørende tjenester.»

Direktørar og leverandørar har samarbeidd tett og godt. Personar i direktørsjiktet ba franske Thales lage krava til anbudskonkurransen om billettsystem. Så braut dei lova og let Thales levere anbud! Verken styreleiar Michael Tetzschner (H) eller byråd Myhre (Frp) melde lovbrotet til politiet. Thales vann og leverte Flexus som i årevis var ubrukbart. Hundretals millionar rulla ut.

Manglende kontroll

Bussprodusenten MAN brukte ein annan metode. MAN ga millionar til personar som skreiv anbudet slik at MAN måtte vinne. Hadde ikkje tysk politi avslørt dette, hadde vi kanskje ikkje fått dagens opprulling. Ruter AS er innblanda, men prøver å berge seg med å gi Unibuss AS skylda.

Kommunelova pålegg byrådet å sørge for at alt i kommunen «er gjenstand for betryggende kontroll.» Det gjeld og kontroll med direktørane i 16 AS i kollektivtrafikken.

Fordi byrådet ga blaffen i slik kontroll, møtte Oslo Sporveiers Arbeiderforening veggen i ni år. Dei rapporterte om korrupte forhold gong på gong. Opprullinga kom ikkje i gang før vi fekk i gang godt lagspel da Ingrid Baltzersen (Rødt) i 2007 kom inn i bystyrekomiteen for samferdsel.

To krav til byråd Elvestuen: Annuler bussanbudet Oslo Vest. Dette anbudet er nemleg tilpassa MAN. Så må Unibuss få delta i den nye anbudsrunden. Sjåførane er ikkje korrupte.

Etterpå må den møkkete trappa vaskast ovafrå. Elles blir det ikkje reint – hverken i Rådhuset, i Unibuss AS eller i Ruter AS.