— Vi skulle til å innreie barnerommet, så oppdaga vi at heile veggen var blaut.

Kristine Strat Børmo peikar på veggen som ikkje er der lenger. Det er litt over eitt år sidan ho rusla høggravid rundt i huset ho og mannen Sigurd kjøpte i 2009. Det var berre 16 veker til termin, og rommet ved sidan av badet skulle bli barnerom.

Livet til dei komande foreldra blei snudd rundt då dei oppdaga den blaute veggen.

— Før det hadde gått tre veker hadde vi hatt 3–4 takstmenn her, og vi måtte flytte til svigers, seier ho.

For mikrobiologen oppdaga helseskadeleg sopp, og tilrådde dei å forsegle heile rommet. Takstmennene fann årsaka til problemet: Manglande tetting rundt dusjkranen. I tillegg hadde badet ingen, eller i beste fall ein svært tynn membran. Så det fine, under ti år gamle fagmannoppførte badet, var ikkje den godbiten som salsprospektet hadde framstilt det som.

Stor nok skade

Framstillinga av badet i salsprospektet er ein av årsakene til at ekteparet Børmo nyleg vann fram i rettsvesenet mot eigarskifteforsikringselskapet Protector.

Huset vart seld med det vanlege "som den er"-atterhaldet, men Bergen Tingrett meinte at eigedommen var "i vesentleg dårlegare stand" enn kjøparen hadde grunn til å rekne med. Dermed kunne dei ha krav på erstatning.

For det er ikkje sjølvsagt at uheldige bustadkjøparar vinn fram med slike krav. Slik lova blir praktisert må skaden vere taksert til nærmare seks prosent (minst tre prosent) av salssummen på huset. Badet til ekteparet Børmo måtte totalrenoverast, noko som vart taksert til 170.000 kroner. Saman med utgifter til soppsanering og anna fastslo retten utgiftene til 5,8 prosent av kjøpssummen, og gav dermed ekteparet medhald.

Men det var ikkje sjølvsagt at det skulle gå slik. For seljaren hadde eigarskifteforsikring, og forsikringsselskapet Protector argumenterte i retten for at fordelen med nytt bad skulle trekkjast frå. Dermed risikerte ekteparet at erstatningssummen vart så låg at retten kunne avvist saka, og gitt Protector medhald.

Ikkje råd til oppussing

— Det er ein konstant kamp mellom eigarskifteforsikringa og kjøparane sine advokatar om kvar terskelen går. Det vesle som er av rettspraksis er såpass uklart at både kjøpar og seljarsida les dette forskjellig, seier advokat Dag Are Børresen i Help Forsikring As, som førte saka på vegner av ekteparet Børmo.

Ekteparet seier dei hadde strekt seg langt for å kjøpe huset, og ville ikkje hatt råd til å totalrenovere badet sjølve.

— Ikkje før om 5–10 år i alle fall, seier Kristine.

Tøff motstandar

Ekteparet Børmo seier dei likevel ikkje hadde hatt pengar eller ork å ta opp kampen om erstatning, viss det ikkje var for at dei hadde teikna kjøparforsikring som gav dei gratis advokathjelp. Og det sjølv om Kristine sjølv er jurist.

— Å prosedere sjølv var ikkje aktuelt mot ein slik aktør som Protector, seier ho.

Men hadde ikkje eigaren hatt eigarforsikring, hadde ekteparet heller ikkje teikna kjøparforsikring.

— Eg synest det er synd at det har blitt slik, for vi endar berre opp med å gje desse selskapa masse pengar, seier ho.