I alt skal det investerast 350 millionar kroner i utviding av oljebasen i Florø. Innovasjon Norge går inn med 100 millionar kroner i tilskot og lån, og bidreg saman med fleire bankar til utvidinga.

— Dersom Fjord Base ikkje hadde vore i stand til å tilretteleggje areal, teknisk anlegg og bygningsmasse, ville dette kunne ført til lågare aktivitet på oljebasen framover, skriv direktør for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland, i ei pressemelding.

Totalt er det venta at aktivitetsauken i Florø vil gje mellom 50 og 100 nye arbeidsplassar.