• BLIR STØRRE: - Eg intervjuar folk kvar dag. Vi skal tilsette 300 berre i år, seier Ole Gams Steine, leiar for Framo Engineering. Her opnar Steine (lengst til høgre) det nye industrianlegget på Horsøy i fjor, saman med mellom andre Schlumberger-direktør Kjell-Erik Østdahl (nummer to frå høgre). Schlumberger kjøpte ut Frank Mohn-konsernet og blei eineeigar i 2011. I år legg Schlumberger Frank Mohn inn i eit partnarskap - OneSubsea - med ein annan oljeservicegigant, Camron. FOTO: Roar Christiansen

Utlendingar jaktar norsk oljeteknologi

Utanlandske selskap har bladd opp over sju milliardar kroner og slått kloa i sju av dei fremste oljeteknologi-selskapa i bergensområdet.