Kortautomatane til bensinstasjonane i Brekke i Gulen og i Haugsvær i Masfjorden er ute av drift på grunn av lynnedslag.

— Det var eit enormt torever i går kveld og sjeldan har eg opplevd det så kraftig som i natt, seier Jon Steinar Haugsvær frå Haugsvær Auto i Masfjorden.

— Her får ein korkje fylt bensin eller diesel. Linjene er ute av drift på grunn av lynet, legg han til.

Ulike alternativ

BT skreiv tidlegare i kveld at dei næraste drivstoffkjeldene ligg fleire mil unna, om ein dreg frå Brekke. Alternativa her var nordover med ferje til Lavik, sørover fem-seks mil til Ostereidet eller til Eivindvik som ligg kring fire mil vekke.

Ein utflytta masfjording påpeiker i ettertid at det òg er andre stasjonsalternativ som ligg noko nærare:

  • Frå Haugsvær Auto til Automek på Hosteland er det 28 km
  • Frå Brekke til Bunnpris Eidsbotn er det 36 km
  • Frå Hosteland til Bunnpris Eidsbotn er det ca 12 km
  • Og når ein er på Eidsbotn er det kort veg til fergekaia på Sløvåg der ferga går til Leirvåg. Og der er det ein bensinstasjon i nærleiken, seier tipsaren.

Tek berre kort

Bensinstasjonen Haugsvær leiger ut til Statoil ligg drygt 16 kilometer frå den andre lokale stasjonen i Gulen.

Av di han driftar ein automatstasjon, er det ikkje mogleg å betala kontant.

— Nokon klarer så vidt å koma seg vidare på det drivstoffet dei har, men det ser ut som at det har gått bra med alle som har vore innom i heile dag, seier stasjonseigaren.

Det var det kraftige lyn- og toreveret laurdag som forårsaka samferdselsproblemet i dei to bygdene.

SKAL ORDNAST: Her i Brekkebygda i Gulen vert det mogleg å betala kontant eit par timar i kveld.
Google Maps

Ein tipsar meiner at drivstoffproblemet ikkje er vorte annonsert, noko Haugsvær avkreftar.

— Eg har hatt plakatar oppe i heile dag, men vedkomande var kanskje ekstra tidleg på an i dag, seier han.

Held kveldsope

I Gulen har dei von om at situasjonen skal betra seg innan måndag.

— Eg er blitt lova ein reparatør i morgon. Då er eg på stasjonen att òg, seier medarbeidar Henrik Ynnesdal ved Hydro Texaco Brekkebygda

Det er mogleg å betala kontant inne på stasjonen, men bensinstasjonen held i utgangspunktet ikkje ope på sundagar.

— Men eg kjem til å vera der eit par timar frå kvart over seks i kveld. Elles er eg der frå ca. halv sju i morgon tidleg, seier han.

Ringjer og spør

Ynnesdal har allereie teke imot nokon før i dag. Då er det greitt for bygda at han bur berre 15 meter vekke.

— Alle som treng lokalt drivstoff og er i knipe, dei ringjer meg og spør om eg er på stasjonen, seier Ynnesdal.

— Då hjelper eg til viss eg er heime.

Les om den kraftige stormen som herja over regionen sundag!