Dermed har Ap, SV, Sp og Rødt fått medhald i påstandane sine om at det var ulovleg å nytte tilfeldige inntekter til å dekke driftsutgiftene i kommunen. Pengane skulle i staden ha gått inn i investeringsreknskapen, hevda klagarane.

Dei fire partia klaga til fylkesmannen etter at bystyret gjorde budsjettvedtak 28. juni 2010.

Fylkesmannen si avgjerd vart sendt til kommunen onsdag.

Konsekvensar

I 2010 inntektsførde Bergen kommune 189 millionar kroner som var kommunen sin del av eit ekstraordinært utbyte frå BKK.

Avgjerda har også konsekvensar for inneverande år. I budsjettet for 2011 har kommunen inntektsførd 242 millionar kroner i ekstraordinært utbyte frå BKK.

Resultatet kan nå bli at kommunen må gjennomføre drastiske kutt for å spare pengar.

Finansbyråd Liv Røsland (Frp) har tidlegare blankt avvist at byrået gjennom budsjetteringa si, opererte i ureint farvatn. Ho var skråsikker på det i det ho viste til kommunerevisjonen sine vurderingar.

Bergen kommune har vore i skriftveksling med fylkesmannen etter at fylkesmannen tok klagesaka opp til behandling.

Åtvaring frå departementet

Fylkesmannen innhenta også uttale frå Kommunal— og regionaldepartementet.

Departementet slår fast at skiljet mellom drift og investering er viktig ut frå omsynet til at ein kommune ikkje skal legge seg på eit driftsnivå som ein ikkje kan finansiere med løpande inntekter.

Departementet viser også til at det i lovforarbeida er vist til at prinsippet for god kommunual økonomiforvaltning tilseier at ein kommune sine løpande inntekter ikkje kan baserast på inntekter som har karakter av å vere eingongsinntekter.

Dersom det er svært usikkert eller lite sannsynleg at ei inntekt vil vere regelmessig, dreg det etter departementet sitt syn i retning av at inntekta ikkje kan reknast som løpande. Inntekter som har klare trekk av å vere eingongsinntekter, vil då måtte førast i investeringsreknskapen.

Bergen kommune har fått uttale seg om vurderingane frå departementet og har freista å finne dekning for standpunktet sitt.

Både reknskapssjefen og kommunerevisoren har akseptert budsjetteringa.

«God økonomiforvaltning»

Men fylkesmannen er klar: Driftsinntekter er dei inntektene som ein reelt sett kan vente vil vere regelmessige over tid.

«Engangsinntekter skal som hovedregel brukes til investeringer eller til ekstraordinær nedbetaling av gjeld.»

Fylkesmannen slår fast at spørsmålet om korrekt reknskapsføring handlar om «hva som er god økonomiforvaltning i en kommune. Løpende driftsutgifter skal finansieres med inntekter som er varige over tid. Reglene skal bidra til at en kommune ikke legger seg på et driftsnivå som ikke kan finansieres med løpende inntekter».

Sterk støtte frå eks-rådmann

— Det burde vere både i politikarane og byen si interesse å skape ei sunn drift og ikkje blåse opp driftsutgiftene med tilfeldige inntekter.

Dette seier Bjarne Jensen til Bergens Tidende. Han er tidlegare rådmann i Bergen og nå professor ved Høgskolen i Hedmark.

Han seier at han er heilt samd i avgjerda frå fylkesmannen.

— For det første er kommunelova veldig streng: oppspart kapital skal ikkje nyttast til å finansiere framtidig drift. Drift skal dekkast av løpande inntekter.

— For det andre har har vi sett at Kommunaldepartementet vore for liberal og slepphendt når det gjeld å la kommunar disponere kraftinntekter. Departementet har sett gjennom fingarane med at kommunar har nytte slike inntekter på ein måte som ikkje er beredyktig på lang sikt. Det er noko svineri, for å seie det beint fram.

— Eg vil bli mektig overraska om ikkje den avgjerda som nå har kome frå fylkesmannen, blir ståande. Det er ikkje tvil om at det er klokt å fylgje denne kursen, seier Jensen.

- Ikkje uventa

— Denne avgjerda er ikkje uventa. Det er berre synd at byrådet har vore så strie og drege kommunen ut i eit økonomisk uføre.

Dette seier gruppeleiar for SV, Oddny Miljeteig, i ein kommentar.

Ho meiner byrådet gjennom bruken av BKK-utbytet, har freista å usynleggjere konsekvensane av reduksjonen i eigedomsskatten.

— Men nå kjem realitetane på bordet. Vi opplever eit rått laup frå byrådet for å ta utbyte kvar dei kan finne pengar. Ja ta nå sist dømet ved at ein vil selje jorda under skinnene på Fløybanen, seier Miljeteig.

Kva meiner du om Fylkesmannen sitt vedtak? Fyr laus i kommentarfeltet under!