Marine Harvest har klaga Noreg inn for EFTAs overvakingsorgan (ESA), for å få bort grensa for kor stor del av oppdrettsnæring som kan kontrollerast av eitt selskap.

I sin første og førebelse konklusjon meiner ESA at reglar som forbyr majoritetseigarskap i meir enn 25 prosent av fiskeoppdrettskonsesjonane er i strid med EØS-avtalen sine reglar om den frie etableringsretten. Ønskjet om å halde oppe ei blanding av små og store oppdrettsselskap er ikkje lovleg grunn til ein slik regel, meiner ESA. Noreg har heller ikkje dokumentert godt nok at 25-prosentregelen er naudsynt for å nå dei distriktspolitiske måla som er ein annan grunn for regelen, meiner ESA.

Den norske regjeringa har to månader på seg på at svare på brevet på ESA.