— Her er det full krise, seier vaktmeister Svein Arne Bøyum til sognavis.no.

Torevêr i går førte til straumbrot fleire stader i Sogn og Fjordane. Eit lynnedslag i åttetida onsdag kveld resulterte i straumutkobling både i Sogndalsdalen og Fjærland. Vanskane har vore størst i Fjærland der mange framleis er utan lys.

Bøyum fortel at straumen gjekk ved museet onsdag kveld. Dei har ikkje aggregat å hjelpe seg med.

— Alt på morgonkvisten i dag var åtte eller ni busslastar innom. Dørene våre står framleis opne, men utan straum er det ikkje noko å ta betalt for. Turistane går inn gratis og ser seg litt rundt, forklarar Bøyum.

Også bøndene møter ekstra utfordringar. Fleire av gardane i Fjærland har likevel hatt straum i periodar.

Enkelte område er framleis utan straum. Sognekraft har arbeidd sidan i går kveld for å ordne feilen på nettet. Også mobilsambandet skal vere ute i enkelte område.