I 2006 jubla fiskarane over at dei viktige gyte— og fiskeområda utanfor Møre vart verna mot oljeboring.

No meiner dei at Olje- og energidepartementet bryt forvaltningsplanen for Norskehavet ved å opne for oljeboring likevel.

Møre og Romsdal Fiskarlag krev at styresmaktene trekkjer attende to utvinningslisensar innanfor gyte- og oppvekstområdet til silda. Skjer ikkje det, er rettssak alternativet.

— Då må vi vurdere om det er grunnlag for å ta ut søksmål, seier Ole Morten Sorthe i Møre og Romsdal Fiskarlag.

Vestlandet sitt Lofothav

Sorthe får støtte frå kollegaene sør for fylkesgrensa.

— Mørefelta er Vestlandet sitt Lofothav. Sjølvsagt bør ein vurdere om det er grunnlag for rettssak, seier avdelingsleiar Oddmund Kvalheim i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Dei to omstridde lisensane vart delt ut av Oljedirektoratet 18. januar. I alt 50 utvinningsløyve vart delt ut, innanfor det som vert kalla TFO-område. TFO står for Tildeling i førehandsdefinerte område. I slike område har direktoratet høve til å dele ut lisensar utanom dei vanlege konsesjonsrundane, der tildelingane må gjennom ein meir omfattande prosess.

I 2010 vart TFO-området utanfor Møre utvida, inn i det området det no er delt ut utvinningslisensar for.

Strir mot forvaltningsplan

Møre og Romsdal Fiskarlag har sendt brev til tre departement og to stortingskomitear.

Laget vil mellom anna ha svar på kva som er det rettslege grunnlaget for utdelinga av utvinningsløyva utanfor Møre.

I brevet skuldar laget regjeringa for å ha handla i strid med gjeldande forvaltningsplan for Norskehavet, for ikkje å lytte til miljø- og fiskerifagleg råd (frå mellom andre Havforskningsinstituttet), for å ha utvida TFO-området utan å ta nok omsyn til fiskar- og miljøspørsmål og for å handle i strid med målet om at olje- og fiskerinæringa skal kunne leve saman.

Avviser skuldingar

Statssekretær Per Rune Henriksen i Olje og energidepartementet avviser at fiskarlaget har grunnlag for å gå til rettssak. Ifølgje Henriksen omfattar utvidinga av TFO-området ikkje området som vart verna mot oljeverksemd fram til 2014.

— Dei områda som no er tildelt gjennom TFO-ordninga er tildelt heilt og fullt i tråd med forvaltningsplanen, seier Henriksen.

Fiskarlaget tolkar saka på ein annan måte og brukar mykje av brevet til å argumentere for at utdelinga av utvinningslisensane utanfor Møre er i strid med dei politiske garantiane som vart gitt då Stortinget i 2009 handsama gjeldande forvaltningsplan for Norskehavet.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!