Oljeindustriens Landsforeining (OLF) varsla i dag at arbeidsgivarane stengjer ute alle fagorganiserte på sokkelen. Lockouten er eit svar på at fagforeiningane tok ut 708 personar i streik førre søndag. Lockouten fører mellom anna til at gasseksporten frå Trollfeltet blir stengt.

— Konflikten er fastlåst og krava er urimelege. Vi ser dessverre ingen annan utveg enn å varsle lockout, seier forhandlingsleiar Jan Hodneland i OLF i ei pressemelding.

6515 arbeidarar som er omfatta av sokkelavtalane vil bli utestengt frå arbeidsplassane sine offshore frå tysdag 10. juli.

Vil ha tvungen lønsnemnd

Målet er å få regjeringa til å gripe inn med tvungen lønsnemnd for å få slutt på konflikten, meiner Leif Sande, leier i fagforeininga Industri Energi.

— No tek dei rubb og rake. Dei stiller Noreg i ein situasjonen som er j..... vanskeleg å leva med, og så håpar dei at styresmaktene skal hjelpe dei ut av situasjonen dei har stilt Noreg i, seier Sande.

Fagforeiningane har to gonger late vere å utvide streiken, nettopp for å unngå tvungen lønsnemnd.

—  Dette er ein streik som arbeidstakarsida har all interesse av å fortsette, sa forskar Kristine Nergaard i forskingsselskapet Fafo til Bergens Tidende i førre veke.

Kjernen i konflikten er striden om pensjonsvilkåra. Skal dei som går av med førtidspensjon som 62-åringar framleis få ekstra pensjon fram til dei når vanleg pensjonsalder og full pensjon, eller ei? Ifølgje fagforeiningane står det om rundt 80.000 kroner i året.

Ny streik på land

Endar konflikten med lønsnemnd har arbeidstakarane historia mot seg. Pensjonskrav er det liten tradisjon for at lønsnemnda gir etter for, ifølgje Nergaard. Arbeidstakarane har betre sjansar dersom konflikten blir løyst med forhandlingar, meiner ho.

Blir dei streikande oljearbeidarane på plattformane tvinga til å gi seg, kan konflikten blusse opp på nytt når dei lønsoppgjeret for tilsette i oljeselskapa på land og for leiande personell på plattformene tek til om to til fire veker, ifølgje Sande. Ved å ta ut nøkkelpersonell på land i streik meiner han det er råd å stenge deler av produksjonen på sokkelen på same vis som er gjort gjennom den snart to veker gamle sokkelstreiken.

— Viss vi vil ha den same effekten som streiken i dag, så kan vi få det til, seier Sande.

Misnøya med at oljeselskapa, med Statoil i spissen, tek vekk den ekstra pensjonen for dei som går av som 62-åringar er like stor på land, ifølgje/i følgjet Sande.

— Vi veit at aggresjonen på landsida er like stor, og folk blir ikkje blidare om vi blir stogga av ei lønsnemnd, seier Sande.