Veksesmerter, ifølgje kommunikasjonsdirektør Øyvind Risnes. Ny sjef er snart på plass, og leiinga styrkja.

— Det er ikkje meir enn to år sidan det var tre personar der ute, seier han.

No har Bergen Group 30 tilsette på Hanøytangen. Dei driv med vedlikehald, reparasjonar og ombygging av oljeriggar. Hanøytangen står for 15 prosent av driftsinntektene i offshoredivisjonen.

Utan tapa på Hanøytangen ville offshoredivisjonen gått i overskot i fjerde kvartal. Det er ikkje mangel på oppdrag som er årsaka til underskota.

  • Vi har ikkje klart å levere god nok økonomi i dei prosjekta som er gjort der, seier Risnes.

Bergen Group hadde eit dårleg år i fjor (sjå tabell).

Men mange nye oppdrag i fjerde kvartal og i starten av 2010 gjer at selskapet meiner fjerde kvartal var eit vendepunkt.

I løpet av 2010 auka ordrereserven frå 4,2 til 5,8 milliardar kroner. I januar i år skreiv konsernet kontrakt med Sartor Offshore om bygging av tre skip for til saman ein milliard kroner, og konsernet reknar med å ro i land fleire nye kontraktar framover.