Fredag 31. mai varsla Marine Harvest at selskapet byr på alle aksjane i konkurrenten Cermaq, sjølv om styret i fiskefôr— og oppdrettselskapet Cermaq vender tommelen ned.

Målet for Marine Harvest er å slå saman dei to selskapa.

Fredag var kravet at Marine Harvest skulle få kontoll over minst halvparten av aksjane for at bodet skal bli ståande. I dag, onsdag 5. juni, reduserer Marine Harvest kravet.

Ein tredel av aksjane

Selskapet kjem til å stå ved bodet, sjølv om det ikkje får hand om meir enn 33,4 prosent av aksjane. Det aukar sjansen for ein langvarig kamp med staten om kontrollen over Cermaq.

Marine Harvest skriv i ei børsmelding at selskapet har mottatt «betydelig» støtte frå aksjonærar i Cermaq til målet om å slå saman dei to selskapa. For å legge til rette for ein slik samanslåing reduserer selskapet kravet til kor mange Cermaq-aksjonærar som må selge, skriv selskapet i børsmeldinga.

Marine Harvest er verdas største lakseoppdrettselskap, med over 4000 tilsette, og har hovudkontor i Bergen. Nesten 1700 tilsette arbeider i Noreg.

Får Marine Harvest kontroll over Cermaq blir Cermaq sitt hovudkontor i Oslo lagt ned, og arbeidsoppgåvene der flytta over til Bergen.

Ikkje samde om pris

Cermaq er eit mellomstort oppdrettselskap i Noreg, men eit av dei største i Chile. Cermaq eig og Ewos, eitt av dei tre dominerande fiskefôrselskapa i verda.

Ewos har hovudkontor i Bergen.

Styreleiar Ole-Eirik Lerøy i Marine Harvest stadfesta i Bergens Tidende laurdag 1. juni at forhandlingane med styret i Cermaq stranda fordi partane ikkje greidde å bli samde om prisen. Utan støtte frå styret i Cermaq trudde han ikkje at staten, som eig 43,54 prosent av Cermaq, kom til å selje sine aksjar.