Ideen er å samarbeida, ikkje kvar for seg prøva å få ut mest mogeleg pengar. Målet er å levera energi til salbare prisar, rett nok med litt hjelp av lovverket.

— I nye hus av ein viss storleik, meir enn 500 kvadratmeter, er det no krav om 60 prosent fornybar varme. Her står valet mellom varmepumpe og bioenergi, seier nyvald styreleiar, direktør Rune Nesheim i Voss Energi.

Byggjer tørke

Planen er å byggja ei flistørke på Bjørkemoen, der Indre Hordaland Miljøverk sin flishoggar lagar store haugar med fuktig tremasse, råstoff som no vert køyrt til biovarmeverk i Sverige. Etter kvart som potensielle kundar teiknar intensjonsavtale, skal det investerast i strategisk velplasserte varmesentralar. Sentralane skal levera varmt vatn i røyr til store og små hus i nabolaget.

— Vi snakkar helst om nærvarme, ikkje lenger om fjernvarme med lange vassrøyr og mykje varmetap, seier nyvald nestleiar, direktør Kåre Flatlandsmo i Indre Hordaland Miljøverk.

Rikeleg å ta av

— Tilgangen på trevyrkje er endelaus, forsikrar styremedlem Morten Samskott som representerer skogeigarane i Voss Bioenergi AS.

I tillegg til fersk skrotvyrkje frå høgstfelt, skal flishoggaren matast med tre og greiner frå ryddearbeid i vegskråningar og under kraftliner, og rivingsmateriale som Miljøverket får inn. Reint materiale går til varmesentralane, det ureine (malte fjøler m.v.) går til fyring av flistørka, som får renseanlegg. Fordelen med biovarme er at tre ikkje gir meir klimautslepp ved brenning enn ved naturleg rotning.

Mange eigarar

Det nye selskapet vart formelt skipa i dag, har fått namnet Hordaland Bioenergi AS, og ein startkapital på 2,7 millionar kroner. Aksjane er fordelt med fire nidelar kvar på Voss Energi AS og Indre Hordaland Miljøverk IKS, og ein nidel på Voss Bioenergi AS.

Voss kommune blir dominerande eigar, gjennom sitt heileigde energiverk og som største aksjonær i miljøverket. Gjennom miljøverket blir også fleire Hardangerkommunar med på laget. Voss Bioenergi AS forvaltar interessene til sine meir enn 40 aksjonærar, deriblant Voss skogeigarlag.

Ikkje til første vinteren, men den neste

Får selskapet dagleg leiar kjapt på plass, er det von om byggjestart på første varmesentral våren 2012, og fleire sentralar i drift vinteren 2012-13. Både Hordaland og Sogn og Fjordane vert rekna som satsingsområde.

Flishogging (4).JPG
ARNE HOFSET