— Sjansen blir stadig større, seier Torstein Øygarden. Han står i spissen for "DNO-initiativet" ei gruppering på rundt 500 små og mellomstore aksjonærar i DNO International.

Grupperinga mobiliserer fram mot den ekstraordinære generalforsamlinga 1. november for å hindre at RAK Petroleum får leggje sine oljelisensar inn i DNO International. I bytte vil RAK Petroleum auke sin aksjepost i DNO International frå 30 til 40 prosent.

Øygarden sjølv har fått fullmakter til å røyste for 65 millionar aksjar. I tillegg vil fleire aksjonærar i hans gruppe møte fram sjølve, slik at Øygarden pr. i dag reknar med å ha nesten 100 millionar i aksjar i ryggen. Det utgjer cirka 10 prosent.I tillegg kjem aksjane som er kontrollert av Berge Gerdt Larsen og Petrolia ASA, slik at opprørarane har rundt 15 prosent av røystene bak seg.

RAK Petroleum må ha minst to tredjepartar av røystene med seg for å få samanslåinga gjennom.

Med den støtta opprørarane har i ryggen no utliknar dei RAK Petroleum sin aksjepost på 30 prosent. Og slik reglane er må RAK Petroleum få to ekstra prosent av røystene over på si side for kvar ekstra prosent opprørarane klarer å rekruttere.

Det er Berge Gerdt Larsens tidlegare motstandarar frå fleire år tilbake som no er blitt hans viktigaste allierte. Då Larsen kom i politiets søkelys for økonomisk kriminalitet, ville aksjonærgruppa til Øygarden skifte han ut.

— Vi følte han ikkje var rett mann, seier Øygarden.

KAMP: Aksjeopprøret i oljeselskapet DNO International har minst rundt 15 prosent av røystene bak seg.