Våren 2014 flyttar Wärtsilä-konsernet ein ingeniørstab på nær 250 personar inn i eit godt synleg nybygg tett inntil E39 på Heiane på Stord. Det er eigedomsinvestor Kurt Arne Tyse (52) som byggjer nytt for 200 millionar kroner for det finskeigde konsernet, som er arbeidsgivar for rundt tusen menneske på Bømlo, Stord og i Fitjar.

Det 8800 kvadratmeter store kontorbygget som Tyse-selskapet Fronta skal oppføra på det Tyse-eigde Heiane Vest næringsfelt, skal i hovudsak husa Wärtsilä-ingeniørar. Ved sida av byggjer Fronta eit testanlegg for Wärtsiläs elektro — og automasjonsprodukt. Konsernet inngår i første omgang ein femten års leigekontrakt med Heiane Vest/Fronta.

- Verdsleiande

— Vi har signert ei rekkje store kontraktar den siste tida, med store elektro- og automasjonsleveransar frå Noreg. Vi er verdsleiande på slike løysingar, og investeringane konsernet no gjer på Stord utvidar og styrkjer systemløysingane våre ytterlegare. Dei nye fasilitetane vil gi verksemda på Stord eit kraftig løft, uttalar Sveinung Hansen, administrerande direktør i Wärtsilä Norway i ei pressemelding.

Wärtsiläs aktivitetar på Stord er retta mot elektro- og automasjonsløysingar for skip og offshoreinstallasjonar. Konsernet har sitt globale kompetansesenter for desse faga på Stord. Senteret er samansett av rundt 240 ingeniørar som i dag held til på Bleikjehaugen ved Kværner Stord. Dei jobbar med alt frå sal til prosjektleiing, prosjektering, produktutvikling og service. Selskapet har óg ein fabrikk i Grunnavågen i Sagvåg, der rundt 100 tilsette produserer elektro- og automasjonsutstyr til Wärtsilä-anlegg.

Ny trend

Kurt Arne Tyse fortel at selskapet hans innrettar seg etter den nye trenden med at bedrifter heller vil leiga enn eiga lokalitetane sine. Med industrigrossisten Ahlsell og byggevarefirmaet Montér (Optimera) har Tyse inngått tilsvarande leigeavtalar som no med Wärtsilä på Heiane Vest. Fleire store aktørar har etablert seg på det 220 mål store industriområdet som Tyse og kompanjongar kjøpte av Stord kommune for fem år sidan. Rundt hundre millionar kroner brukte dei på å utvikla området, og no går dei i gang med å utvida med nye 90 mål.

Ved E39 i Aksdal i Tysvær er Kurt Arne Tyse medeigar i ein 340 mål stor nyetablert næringspark. Stordabuen eig halvparten av Fronta Gruppen, der Fronta Bygg AS er største verksemda med ein femdobbel omsetnadsvekst dei siste fem åra til 94 millionar kroner i 2011, og eit driftsresultat på 6,8 millionar.

BYGGJER PÅ STORD: Eigedomsinvestor Kurt Arne Tyse (52) byggjer nytt for 200 millionar kroner for det finskeigde konsernet Wärtsilä.
OVE OLDERKJÆR