354 millionar kroner kosta tiltak mot lakselus og sjukdom for verdas største lakseoppdrettselskap i fjor. Berre i fjerde kvartal var passerte kostnadene 100 millionar, og medverka til at det berre var lakseoppdrett i Noreg som hadde eit positiv driftsresultat i kvartalet.

Men Noreg er til gjengjeld det viktigaste produksjonsområdet, og Marine Harvest gjekk ut av 2012 med eit overskot før skatt på 789 millionar kroner av driftsinntekter på 15,4 milliardar kroner. Stigande lakseprisen siste vekene og forventinga om høg laksepris framover, gjer at selskapet ventar at 2013 skal bli eit betre år enn 2012.