I ei pressemelding karakteriserer konsernsjef Leif Øverland halvårsresultatet som litt svakare enn venta. Han forklarar nedgangen med uventa høge kostnader med å starte opp anboda på sambanda Fall-Rørvik i Sør-Trøndelag, Festøy-Solevågen og Sykkylven-Magerholm på Sunnmøre.

Trafikktala peiker oppover for Fjord1. Ved utgangen av juni hadde selskapet ein samla passasjervekst på 4,4 prosent samanlikna med året før.