Den 122 x 45 meter store hybriden av ein farkost har Eide Marine Services sjølv utvikla, og er under bygging i Kina. I dag har selskapets brønnintervensjonsavdeling skrive ein intensjonsavtale med Statoil verd minst seks milliardar kroner for å nytta skipet/plattforma til brønnarbeid og brønnvedlikehald utan bruk av stigerøyr.

To fartøy

Avtalen med Statoil gjeld i første omgang i åtte år frå 1.april 2015. I tillegg er det opsjonar på nye fire år – og eitt tilsvarande fartøy. Eide har også dette andre fartøyet under bygging i Kina, for påfølgjande utrusting i Finland.

Statoil-avtalen kjem i rett tid for Halsnøy-selskapet, ettersom brasilianske Lupatech tidlegare i år heva kontrakten med Eide om bruk av dei ti brønnintenvensjonsfartøya på oljefelt utanfor Brasil.

— Totalt sett vil eitt fartøy gi 250 arbeidsolassar, medrekna mannskap, seier administrerande direktør Georg Eide.

Ungdom heim

— Det kan óg koma fleire slike kontraktar. Dermed kan vi byggja høgteknologiarbeidsplassar i Høylandsbygd på Halsnøy, og håpa på å få tilbake ungdom som saknar slike jobbar. Men det avheng av korleis Kvinnherad kommune stiller seg med omsyn til å legguja forholda til rette, blant anna med skuletilbodet, seier Eide.

Eide Marine Services skal operera fartøyet, som blir utrusta også for nordlege havområde. Selskapet har alliert seg med Haliburton, Oceaneering, Advantec og Subsea technologies for sjølve brønn- og undervassoperasjonane.

Statoil sparar 60 prosent

Eide-hybriden får ei totalvekt på 47.000 tonn, nesten 3,5 mål med dekksplass og innkvartering for opptil 120 personar. Georg Eide ønskjer ikkje å oppgi kontraktsprisen for fartøyet.

Statoil uttalar i ei pressemelding at selskapet sparar utgifter på rundt 60 prosent ved å velja lette brønnintervensjonsfartøy i staden for tradisjonelle riggar med stigerøyr. Dei såkalla lette, kategori A-einingane skal medverke til å auka utvinninga av olje og gass frå dei rundt 500 undervassbrønnane som Statoil opererer på norsk sokkel.