I fjor vår selde han settefiskselskapet sitt, Norway Seafarms, til oppdrettskometen Pan Fish. Aksjar i det børsnoterte Pan Fish var ein del av oppgjeret, og dette er bakgrunnen for at inntekta i fjor spratt opp på solide 96,6 millionar kroner.

— Takk for at du ringte

Tidlegare år har Strømsnes ikkje vore notert blant dei aller rikaste i kystbyen. Heller ikkje så seint som i fjor var han inne på topp 20-lista. Men i år er 51-åringen suverent rikast, også i Sogn og Fjordane fylke.

Men når vi ringer vil han ikkje seie noko som helst om bakgrunnen for den formidable inntektsauken.

— Eg har ingen kommentar. Takk for at du ringte, er alt Strømsnes seier før han legg på røret. Nøkkeltala i likninga hans er 96.630.700 i inntekt, 119.850.000 i formue og 28.491.078 i innbetalt skatt.

Strømsnes er no dagleg leiar både for Pan Fish Norge og underselskapet Norway Seafarms AS. I tillegg sit han som styremedlem i sjølve Pan Fish-konsernet.

Det heile starta heime på familiegarden i 1986, då Gudmund Strømsnes fekk konsesjon for oppdrett av 500.000 smolt. Deretter gjekk det slag i slag. Allereie i 1990 vart volumet fordobla, og på 90-talet har han arbeidd seg opp blant anna i samarbeid med nummer to på inntektslista i heimkommunen Flora, Ola Braanaas.

Eit vell av selskap

Og i dag er fasiten imponerande: Strømsnes sit som styreleiar i 21 ulike selskap, som styremedlem i 17 selskap og som dagleg leiar i to selskap.

Då han mottok ein betydeleg aksjepost i Pan Fish som betaling våren 2000, sveva det ekspansive selskapet rundt toppen i børsverdi. I dag har verdien sunke til langt under det halve, og nådde eit botnnivå så seint som denne veka. Då hadde aksjekursen falle frå 79 kroner til rundt 25 kroner.

Strømsnes si bokførte inntekt tyder på at han har realisert verdiane medan kursen framleis låg høgt, før kursen stupte. Sjølv vil han ikkje snakke om dette.

Det var faren som overtok garden Haukå, rundt to mil frå Florø sentrum. Det staselege bruket er svært velhalde og framleis i drift. Ved sjøen, nedanfor dei grøne jordene og gardstunet, ligg settefiskanlegget der eventyret starta. Fortøyd utanfor det doble naustet ligg ein 60 knops speedbåt. Med den kan Gudmund Strømsnes nå kontoret i Florø på nokre få minuttar.

Ny Harley-Davidson

52-åringen har kone og tre vaksne barn. Han bur framleis på garden, som i si tid var ein del av Svanøy gods.

Som ivrig hjortejeger kan han glede seg over eit stort hjortevald på garden. Folk som kjenner Gudmun Strømsnes, skildrar han som ein dyktig og driftig, men tilbaketrekkt person. Han har aldri vore glad for fokus på sin eigen person. Han har lagt ein del ressursar i garden og bygningane der, og har sjølv opparbeidd ein del av innmarka.

Utad er ikkje rikdommen prangande, men han har i alle fall tatt seg råd til ein liten ekstravaganse: I vår la han rundt 270.000 kroner på bordet og kjøpte seg ein flunkande ny Harley-Davidson Fat Boy.

— Men spørsmålet er kor mykje han har fått tid til å bruke den, seier ei kilde til Bergens Tidende.

FERSK MANGEMILLIONÆR: Gudmund Strømsnes har drive garden Haukå i Flora, der han også i 1986 starta oppdrettseventyret på anlegget ved sjøen.
FOTO: ODDLEIV APNESETH