Strammar grepet, men vil ha meir spekulasjon

Regelverket for forvaltninga av oljefondet skal strammast til. Men samstundes opnar regjeringa for meir spekulative investeringar.

Denne motsetnaden kjem til syne i meldinga om forvaltning av oljefondet - eller Statens Pensjonsfond - Utland, (SPU) som det nå heiter. Meldinga vart i går oversendt til Stortinget.

Regjeringa vil styrke den «etiske forvaltninga» av investeringane i fondet. Det betyr at ein skal legge større vekt på omsyn til miljø, sosiale forhold og god selskapsstyring.

Ikkje tobakk og landminer
Regjeringa vil nå trekke seg ut av selskap som produserer tobakk på same måte som ein tidlegare har gått ut av selskap som produserer landminer, klasevåpen og komponentar til kjernevåpen.

Innstramminga i regelverket, som skal styrke kontrollen med investeringspolitikken i forvaltninga av fondet, kjem som fylgje av sjokktalla frå i fjor, då fondet måtte bokføre tap på 633 milliardar kroner.

Les også: Vrakar Riksrevisjonen Vrakar Riksrevisjonen

Samstundes opnar finansminister Kristin Halvorsen (SV) og regjeringa for oppretting av eit nytt «miljøfond» som i løpet av få år skal opp i 20 milliardar kroner.

Meir spekulativt
Fondet skal investere i miljøvenlege delmarknadar. Innanfor denne investeringsramma vil regjeringa og vurdere å gå inn i «framveksande marknadar».

Dette fondet skal investere i infrastruktur og unoterte aksjar.

Oppretting av eit «miljøfond» er i tråd med tilrådingar frå fleire miljøorganisasjonar, mellom andre Bellona. Dei meiner det både er viktig av omsyn til miljøet og omdømemessig for Noreg. Dessutan trur miljøorganisasjonane dekke kan ha ein «bjøllesau-effekt» ved at andre vil fylgje etter.

Halvorsen vedgår at dette vil bli meir spekulative investeringar som kan gå bra, men der risikoen for tap er stor. Ho søker å avdramatisere ved å argumentere med at investeringane blir spreidd på mange selskap for å redusere risikoen.

Giganttapa i fjor kom i stor grad av at ein brente seg på såkalla «sikre» obligasjonar, som totalt overraskande vart usikre.

Langsiktige investeringar
- Det vart trongt i porten då alle ville kvitte seg med obligasjonane, forklarar Halvorsen. Nå er SPU så godt som ikkje aktiv i obligasjonsmarknaden, seier ho.

Halvorsen trøystar seg med at investeringane SPU har gjort er langsiktige, for ikkje å seie evigvarande. Og at aksjar over tid vil gje positiv avkasting. Ho snakkar om 100 års horisont på investeringar i konkrete selskap. Finansdepartementet snakkar jamvel i stortingsmeldinga om ei tidsramme på 350 år.

Eit anna poeng frå Halvorsen si side er at SPU i fjor kjøpte aksjar for ein billig penge. På grunn av høg oljepris og svakare aksjemarknad, har byteforholdet mellom olje og aksjar aldri vore gunstigare for Noreg sin del.

Det innebar at Noreg sin andel av alle børsnoterte aksjar auka frå 0,5 prosent til 0,75 prosent på verdsbasis og til 1,5 prosent i Europa. Fondet er nå inne i 8000 selskap.

- Ihuga sosialist
Mange har rosa Halvorsen for å ha vist seg som ufatteleg lærenem i rolla som finansminister - at ho er blitt grundig «sosialisert» i å tilpasse seg tankesettet i Finansdepartementet.

- Eg er ein ihuga sosialist med sterk tru på langsiktige investeringar. Og eg vil bruke eigarmakta vi har gjennom aksjeinnehav til å få mykje meir etisk forsvarlege investeringar og handlingsmønster frå selskapa vi er inne i. Dette er ei stor og viktig oppgåve, og eg ser det som eit privilegium å få delta i dette, seier Halvorsen.

Ei anna utfordring som Halvorsen er sterkt engasjert i, er kampen mot skatteparadisa. I den samanhengen helsar ho med glede semja frå det siste møte mellom G-20-landa som nå har samla seg om å gå til kamp og ta i bruk sanksjonar mot skatteparadisa.

Les også

Siste fra Økonomi

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

Er det hans tur nå?

Italia står på kanten av ratingbyråenes søppeldynge. Men tør de dumpe Italia?

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Tviler på greske sparetiltak

Finansministrene i Tyskland og Irland sår tvil om troverdigheten til dagens svært viktige greske avtale som skal sikre beintøffe sparetiltak.

Denne kan vere ein kraftrevolusjon

Det meiner to pensjonistar på Stord, som har pønska ut løysinga.

Skal kutte 150.000 offentlig ansatte

Hellas' statsminister ringte EUs sentralbanksjef med beskjed om at landet er klar med ny kuttpakke.

Relaterte bilder

FOTO: SCANPIX

FOTO: SCANPIX

Mest lest på økonomisiden

Valutakalkulator

Rekrutteringsselskaper

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,02 5,74
 
SEK
+0,00 0,87
 
EUR
+0,00 7,64
 
GBP
-0,01 9,10
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+1,14% 416,07
 
Dow Jones
-0,14% 12 865,79
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,83 118,03

I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer

Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer

Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer

Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer

Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer

Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer

Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger