• Lokaltoga på Vossebanen og vidare til Myrdal (Flåmsbana) er togsett av typen BM69, variantane B (eldst), D og E.
  • I turistsesongen køyrer ti togsett, elles åtte. To er av B-varianten med to vogner og 200 sete. To er E-tog med 175 regulerbare sete fordelt på tre vogner. Resten er D-tog med 300 sete i tre vogner.
  • Toga er «arvegods» frå Austlandet, bygde i perioden 1974-90, omlakkert og ominnreidde. Dei to beste (E-setta) vart først arva av Jærbanen (Stavanger), som no har fått dobbeltspor og moderne tog.
  • Berre B-varianten kan erstatta spesialtoga på Flåmsbana i eit knipetak.