Avtalen som blei klar tysdag inneber at Mediehuset Sunnhordland kjøper alle aksjar i Bømlo-nytt AS frå ansvarleg redaktør og dagleg leiar Stein-Erik Ovesen (55).

— Vi har tenkt samme tankane om dette som Sunnhordland ei stund. No var timinga den rette, seier Stein-Erik Ovesen. Han er son til Else-Marie Ovesen (78) som grunnla Bømlo-nytt i 1973, og sluttar no i leiinga av avisa saman med kona Unn Husevik (52).

Salssummen blir ikkje offentleggjort, men Sunnhordland og Bømlo-nytt opplyser at dei vil framleis driva som to eigne, frittståande mediehus. Bømlo-nytt hadde i fjor eit opplag på 3301, Sunnhordland 7137. Bømlo-avisa har blitt trykt i Sunnhordland sidan 1978, dei to har også eit distribusjonssamarbeid.

Store friarar Bladet Sunnhordland, med ein årsomsetnad på rundt 60 millionar kroner, har vore i Hystad-familien si eige sidan starten i 1902.

Dei siste åra har avishuset på Stord blitt forsøkt oppkjøpt av store aktørar i norsk mediebransje, men framleis eig Jens, Håvard og Halvdan Hystad 25 prosent av aksjane kvar, dagleg leiar Reidar Hystad og søstera, marknadssjef Nina Mossefinn Hystad eig ti prosent kvar.

- Er potensiale - Vi er bevisste på framleis å vera eit sjølvstendig, lokalt eigd mediehus mellom Haugesund og Bergen. Og håpar at dette oppkjøpet gjer at vi styrkar posisjonen, seier Reidar Hystad.

Bømlo-nytt vil halda fram som ei lokalavis for Bømlo og bømlingane, og vil ha kontor i Bømlo kommune. Dei åtte tilsette held fram i jobbane sine, heiter det i ei pressemelding frå Stein-Erik Ovesen.

— Eg trur det kan vera sunt med eit eigarskifte no. Bømlo kommune er i vekst, og det er potensiale til å få meir ut av lokalavisa, seier Ovesen.