- At det blir streik reknar eg med. Viss ikkje må dei kome med eit godt tilbod, og det reknar eg ikkje med dei gjer, seier bussjåfør Ørjan Aasheim i Tide.

I bussbransjen er frontane harde, mellom anna fordi bussjåførane har tapt i lønsutviklinga i høve til industriarbeidarar dei siste fem åra. Dei er forbanna, ikkje minst fordi dei meiner dei i 2007 inngjekk ein intensjonsavtale med arbeidsgjevarane om at løna skulle følgje gjennomsnittleg industriarbeidarløn.

- Vi har eigentleg tapt på heile avtalen, seier Aasheim.

Mykje pengar

- Ein bussarbeidar tener i dag rundt 360.000 kroner brutto, medan industriarbeidarane ligg på 391.000. Og det er før årets oppgjer, seier Roger Moum, som leiar Vestnorsk Transportarbeiderforening.

Ifølgje han er tilbakemeldingane frå medlemmene så klare på at løna må kraftig opp, at eit dårleg forhandlingsresultat vil bli stemt ned i uravstemminga.

Motparten ser ikkje uventa annleis på saka. Dei er ikkje ein gong samd i at 2007 er rett årstal for intensjonsavtalen.

- Avstanden til industriarbeidarløna er ikkje større enn i 2006. Vårt poeng er at industriarbeidaromgrepet har endra seg sidan 2006. Oljedominansen har blitt større, slik at lønssnittet blir ganske høgt. Og då klarar ikkje andre bransjar å vere med, seier Jon Stordrange, som leiar forhandlingane for NHO Transport.

Bussane stoppar

Meklinga mellom partane byrja fredag ettermiddag, og skal etter planen vere ferdig søndag kl. 16. Blir dei ikkje samde, blir det streik frå måndags morgon.

I Hordaland blir i første omgang Flybussen, Kystbussen til Stavanger og alle bylinjer som soknar til anlegget på Mannsverk tatt ut. Det betyr linjene 2, 10, 11, 13, 15, 16, 17, 18, 19, 20, 24, 25, 40E, 41, 42, 43, 44 og 45.

Bensin og sprit

Det er òg mekling for godstransport-sektoren, men der er streikefaren mindre enn i bussbransjen. Skulle det bli streik i godstransporten, vil det mellom anna råke distribusjon av drivstoff til Statoil, Best og 123-stasjonane, i tillegg til matvarebutikkar i NorgesGruppen og Vinmonopolet.