Tilgang på kompetent, dagpendlande arbeidskraft frå Bergenshalvøya er hovudårsak til at storbedriftene Kværner Stord, Wärtsilä Norway og Apply Leirvik i ein felles høyringsuttale til Vegvesenet går inn for midtre ferjefrie trasé for E39 mellom Stord og Bergen. Det tyder norsk rekord og ei fem kilometer lang flytebru frå Reksteren i sør til Halhjem-området i nord.

— Det hastar med å koma vidare med prosjektet. Samfunnsmålet med å knyta Haugaland/Sunnhordland nærmare saman med Midthordland innan 2040 er etter vår meining ikkje ambisiøst nok. Det må vera eit mål å realisera eit ferjefritt samband mellom Stord og Bergen innan 2025, uttalar Lars Eide, Sveinung Hansen og Lars Solberg, sjefar for høvesvis Kværner Stord, Wärtsilä Norway og Apply Leirvik med totalt rundt 3000 fast tilsette.

Indre for indre

Uttalen frå industrileiarane på Stord kjem ei knapp veke etter at næringslivrepresentantar frå Fusa, Kvinnherad, Samnanger, Kvam, Jondal og Odda avleverte ei samla støtte til den indre ferjefrie E39-traséen, den som går via Eikelandsosen og blir rundt 15 minuttar lengre å køyra.

Brualternativet over Bjørnafjorden er altfor usikkert og for dyrt — sju milliardar kronar dyrare enn indre trasé - uttalte desse bedriftsleiarane.

Splitting

Dermed er det stor splitting i Hordaland med omsyn til kvar den ferjefrie kyststamvegen skal gå, i motsetnad til i Rogaland, der planarbeidet for Rogfast — 25 km tunnel under Boknafjorden - er i gang, og med planlagt anleggsstart i 2014.

Politisk er det så langt gitt støtte til indre Hordfast-trasé frå Bergen kommune, i tillegg til frå NHO Hordaland og LO-miljøet. Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil ha med seg både indre og midtre trasé i det vidare utgreiingsarbeidet.

Har du meiningar om kvar E39 bør gå? Bruk feltet under.