Saman med partnarane Eni Norge og Petoro melder Statoil om det selskapet kallar eit betydeleg oljefunn på Skrugradfeltet, 200 kilometer nord for Ingøya i Måsøy kommune i Finnmark.

-Dette opnar ein ny oljeprovins, seier konserndirektør for leiting i Statoil, Tim Dodson i ei pressemelding. Resultata av boringa så langt gjer at Statoil meiner det er grunnlag for å rekne med at det er mellom 150 og 250 millionar fat oljeekvivalentar i feltet (olje— eller gass omrekna til oljefat). I beste fall er 500 millionar fat å hente ut av lisensen, vonar selskapet.

— Vi har har fått stadfesta at leitemodellen vår er rett. Det er eit gjennombrot og det er eit viktig steg for å forstå korleis geologien, og dermed hydrokarbonsystema i Barentshavet fungerer, seier Dodson.

Funnet kan gi store opdprag til leverandørindustrien, på eit tidspunkt då det er spådd at aktivitetnivået i Noreg, utan nye funn, tekl til å falle.

— Dersom volumanslaga blir stadfesta, vil dette funnet kunne gi grunnlag for ei sjølvstendig utbygging. Med tanke på at det tek mellom 5 og 10 år frå funn til produksjon, så er det no vi legg planar for framtida. Vi har ambisjonar om å få sett dette i produksjon raskast råd, seier Dodson.