Turbin, borekrone eller vindmølle? Assosiasjonane er mange til Statoils nye fargesterke logo.

Nok ein gong endrar statsoljeselskapet det visuelle uttrykket sitt. Og tar tilbake Statoil-namnet to år etter fusjonen med Hydro i 2007.

Stifinnar

Ei stjerne, ei leiestjerne for eit selskap som ønskjer å vera ein stifinnar innan olje, gass og andre energiformer, er blant StatoilHydro-medarbeidarane sine eigne kommentarar til den nye logoen før offentleggjeringa i dag.

Uttrykket er utført i fargen magenta, ein mellomting mellom raudt og lilla. Tanken bak den sterke fargen er at stjerna skal lysa sterkt og klart.

Den nye logoen er utarbeidd i samar-beid med Scandinavian Design Group, og vil blir saman med det nye namnet Statoil ASA formelt godkjent på selskapets generalforsamling 19.mai. Logoen skal takast i bruk frå 1.november i år.

Held pådråpen Frå den dagen vil Statoil-namnet visuelt vera knytt til to ulike profilar. Den gamle Statoil-dråpen skal framleis prega selskapet sine bensinstasjonar.

Vurderinga er at denne delen av konsernet sin aktivitet konkurrerer godt på eigne premissar, og med sine behov og målgrup-per.

Dessutan ville ei omprofilering av alle bensinstasjonane kosta nær to milliardar kroner, ei utgift StatoilHydro ikkje vil ta på seg i dagens situasjon.

Kva synest du om den nye logoen? Sei di meining her.