Etter mange år utan ligg det no an til at folket i Åsane på ny får flybuss. Fylkesrådmannen går inn for at Flybussbergen.no AS får løyve til ei ny rute. Det vil høgst truleg politikarane i fylkesutvalet støtte, når dei møtast 31. oktober.

— Viss dei får det til å gå rundt så er ingenting betre enn det, seier Gustav Bahus (Frp), som leiar samferdsleutvalet i Hordaland Fylkeskommune.

Pris: 100 kroner

Seier fylkesutvalet ja betyr det at Åsane får flybuss frå midten av november.

— Ja, vi vil starte opp berre eit par veker etter at vedtaket er gjort, seier dagleg leiar i Flybussbergen.no AS, Robert Aasmul.

Han seier dei har bussar i bestilling, og at dei vil klare å skaffe nok sjåførar.

Flybussen vil gå frå bussterminalen i Åsane, via eit stopp ved NHH og så direkte til Flesland.

— Så dei som bur i Åsane vil kome bortimot like raskt til flyplassen som om dei brukte sin eigen bil.

— Kva vil det seie?

— Vi reknar med at det vil ta 30 minutt, seier Aasmul.

Prisen vil bli 100 kroner kvar veg.

100.000 køyrer bil

— Andre har tidlegare hatt flybussruter frå Åsane, som har blitt lagde ned. Kva gjer at de trur de vil lykkast?

— Transportøkonomisk Institutt (TØI) har laga ein heilt fersk rapport som viser at frå Åsane brukar i dag 72 prosent av dei reisande eigen bil til Flesland. Det er nesten 100.000 bilreiser i året. Det handlar veldig mykje om at det ikkje går ei eiga flybussrute, seier han.

Han viser til at fleire undersøkingar viser at folket i Åsane ønskjer ei flybussrute.

Kvart 5. kvarter

I første omgang vil det gå flybuss kvart 5. kvarter, med oppstart klokka 5.30 om morgonen. Viss folket i Åsane brukar flybussen flittig, lovar han at dei skal gå oftare.

— Intensjonen er at det skal gå kvar halvtime, seier han.

Blir tiltaket ein suksess trur Aasmul det òg kan bidra til å få ned bilkøane, mellom anna over Danmarks plass.

Selskapet skal òg starte opp flybussrute frå Loddefjord til Flesland. Den òg vil kome i drift før jul, ifølgje Aasmul.

Positive politikarar

Innstillinga frå fylkesrådmannen går no vidare til Bahus & Co i samferdsleutvalet, som skal ta stilling til søknaden 23. oktober. Ei drøy veke seinare, 31. oktober, skal så fylkesutvalet ta endeleg stiling til søknaden.

Bahus vil ikkje forskuttere avgjerdsla, men førre gong politikarane tok stilling til ein søknad om løyve om ny flybussrute snudde dei eit nei frå fylkesrådmannen til eit ja. Det gjaldt Flybussbergen sin søknad om rute frå Loddefjord.

Bahus vedgår at det seier noko om kvar dei står.

— Ja, det er nok det, seier han.