Den amerikanske kaffikjeden Starbucks har lenge vore etterlengta blant nordmenn. I fjor opna kjeda sitt første utsalsstad i Noreg på Gardermoen, og neste veke opner nok ein kafé i Oslo sentrum. No har kjeden planar om å etablere seg i Bergen.

— Eg kan bekrefte at vi har planar om å opne i Bergen. Vi vil vere i alle dei store norske byane, og Bergen er ein del av dette, seier administrerande direktør Joannis Vendrig i Umoe Restaurant Group Coffee AS, som er kaffikjeden sin norske samarbeidspartner.

Det er endå usikkert kor den nye Starbucks-kafeen vil plasserast. Kjeden leitar aktivt etter lokaler, men Vendrig vil ikkje avsløre kva som er alternativene.

— Vi håpar å få på plass noko sentralt i byen, eller eventuelt på Flesland, seier han.

Vil opne i 2013

Kaffikjeden leiter no etter dagleg leiar for den nye Bergensavdelinga, og satser på å bruke det neste halvåret på å finne ansatte. Akkurat opningsdato er usikkert.

— Det er vanskeleg å vite, men vi prøver å få til å opne før året er omme. Vi er eit halvt år i forvegen, då det tar tid å få tak i den daglige leiaren vi vil ha. Vi vil gjerne til Bergen, det hadde vore gøy, seier Vendrig.

Starbucks satsar for tida stort i Skandinavia. I tillegg til kafeane i Oslo er det planar om etablering på Værnes Lufthavn i Trondheim og i Stavanger. Også i Sverige har kjeden planer om å ekspandere, og Umoe-eigar Jens Ulltveit-Moe uttalte i fjor at kjeda har behov for 400-500 ansatte i Skandinavia.

Sikker på suksess

Tidligare i år skreiv Aftenposten at Starbucks-latten er dobbelt så dyr i Oslo som i New York. Likevel er Vendrig sikker på at det er marked for Starbucks i Noreg.

— All kaffi i Noreg er dobbelt så dyr. Vi er rimelig sikre på at folk er interessert i Starbucks. Dette er framleis eit marked i vekst, og vi trur Starbucks er eit fint supplement til dei allereie eksisterande kafeane i byen, seier han.

Kjem du til å gå på Starbucks i Bergen? Syng ut i kommentarfeltet!

OVER HEILE VERDA: Starbucks har over 20.000 utsal i 62 land. No etablerer dei seg for fullt også i Noreg.
Scanpix