Hordaland har landets største eksportbedrift, Mongstad-raffineriet. Raffineriet utgjer ein stadig større del av eksporten, og to av tre eksportkroner frå fylket kjem no herfrå.

For eksporten av bearbeidde industrivarer har gått kraftig ned sidan 2008, kjem det fram i Norsk Industri sin konjunkturrapport, som blir lagt fram i dag.

Før finanskrisa var Hordaland det nest største eksporfylket av bearbeidde industrivarer, etter Vest-Agder. No er både Vest Agder, Telemark, Rogaland og Møre og Romsdal større på slik eksport enn Hordaland.

Rogaland aukar

Nedgangen er frå rundt 20 til rundt 14 milliardar kroner, og står i kontrast til utviklinga i nabofylket i sør, Rogaland. Der har eksporten av industrivarer henta seg inn att etter nedgangen i 2009, og er no om lag på same nivå som før krisa (rundt 15 milliardar kroner).

Men sjølv om eksporten går ned i Hordaland, har både omsetning og sysselsetjing gått opp. Norsk Industri meiner det difor "er grunn til å tro at industribedriftene har omstilt seg til støre leveranser til norsk sokkel, og relativt sett mindre eksportvarer frå industrien".

Norsk Industri er ein arbeidsgjevarorganisasjon, og organiserer dei fleste industribedrifter her i landet.

Bt.no kjem tilbake med meir frå rapporten.