Statoil har lytta til oppfordringar frå leverandørindustrien om å spreia vedlikehald— og modifikasjonskontraktane på fleire aktørar.

Statsoljeselskapet går frå tre til fem rammeavtalar på området. Dei nye aktørane er Fabricom og Apply Sørco.

Stavanger-baserte Apply har med dei fireårige avtalane – med opsjon på nye to gonger to år – fått gjennomslag for satsinga si i Bergen. Også Aibel og Aker Solutions har avdelingar i Bergen som dreg nytte av kontraktane. Den femte aktøren er Reinertsen AS.

— Tildelingane viser at strategien vår om å auka mangfaldet, konkurransen og fleksibiliteten i denne marknaden har vore vellukka, seier Anders Opedal, direktør for nyskaffing i Statoil, til bt.no.

Aibel AS får den største kontrakten, verd åtte milliardar kroner over fire år. Selskapet får ansvar for Statfjord A, B og C, Oseberg, Huldra/Veslefrikk, Njord A og B, Kristin, Norne, Snøhvit, Kollsnes-, Kårstø— og Sture-terminalane.

Aker Solutions’ kontrakt er verd 4,4 milliardar kroner og omfattar Snorre A og B, Gullfaks A, B og C, Visund og Åsgard A og B.