Bessnes og Do er i full sving med å ettersjå og utbetre dei elektriske kablane om bord på riggen Songa Delta, som ligg inne til klassing på Coast Center Base på Ågotnes. Får Oljeindustriens Landsforening (OLF) rett i sin spådom treng dei ikkje frykte lediggang når riggjobben er utført i desember.

Dei fire neste åra vil olje-selskapa investere til saman 723 milliardar kroner på norsk sokkel — så sant oljeprisen held seg høg. Det er 117 milliardar kroner meir enn OLF spådde for berre eitt år sidan. Det kan bli så travelt at oljeservicebedriftene, som leverer varer og tenester til oljeselskapa, rett og slett får vanskar med å få arbeidet unna, spår OLF.

_> Eg byrja å slappe av etter eit års tid, og vi såg at vi slapp å seie opp folk

Daglig leder Per O. Torsvik_

Det er andre år på rad at OLF aukar sine spådomar om storleiken på investeringane på norsk sokkel. I konjunkturrapporten for 2009 spådde foreininga at det vil bli investert 125 milliardar kroner på norsk sokkel neste år. I årets rapport ventar OLF at det blir invester 175 milliardar kroner neste år - 50 milliardar meir enn spådomen frå 2009.

— Når aktivitetsnivået aukar vil det bli meir å gjere. Meir overtid og nye jobbar, seier fagsjef Bjørn Harald Martinsen hos OLF.

Sleit med søvnen

Neste år kan Bessnes og Do feire tiårsjubileum for arbeidsgivaren SEC. Firmaet, med 70 tilsette, har verkstad og kontor rett utanfor porten til CCB. Med både ingeniørar, elektrikarar og mekanikarar i staben driv firmaet mangesysleri innan oljeservice, og har nettopp lansert sin eigen boremaskin for landriggar - ein maskin som dagleg leiar og storaksjonær Per O. Torsvik vonar skal bli den største inntektskjelda for firmaet framover.

Fram til finanskrisa i 2008 gjekk det svært godt, men i fjor fekk selskapet for første gang eit lite underskot. I år går det i pluss, og neste år vonar Torsvik at firmaet for alvor skal få nyte godt av oppsvinget OLF ser for seg.

— No sit ingeniørane og teiknar, det er neste år desse oppdraga kjem ut i marknaden. Vi er positive, og merkar at mange er veldig positive, seier Torsvik.

Det er mørke skyer og uvisse om utviklinga i internasjonale økonomi som gjer Torsvik litt atterhalden, nett som også OLF er i konjunkturrapporten. Då finanskrisa kom i 2008 undervurderte han kor raskt oljeselskapa skrudde att kranene.

— Det er veldig kjedeleg å oppdage at du ikkje har ordrereservar. Det er ikkje berre dei tilsette, men dei tilsette har og familiar, seier han.

Torsvik sleit med å sove.

— Eg tek alltid med meg jobben heim. Eg byrja å slappe av då det hadde gått eit års tid, og vi såg at vi slapp å seie opp folk, seier han.

Fekk opp farta

Statoil sitt program for å få korte tida frå planlegging til utbygging av olje- og gassfelt er ein viktig grunn til at OLF ventar at investeringane blir så mykje høgare neste år. Statoilprogrammet har framskunda invester-ingar som elles ville blitt gjort seinare.

Investeringsnivået vil nå toppen i 2014. Då vil mange store utbygging- og ombyggings-prosjekt nærme seg slutten. Men OLF vedgår at dei store funna på Aldous- og Avaldsnesfeltet vest for Stavanger kan gjere at spådommen om ein nedgang etter 2014 viser seg å vere for pessimistisk, om felta blir utbygd raskt.

Til saman ligg Aldous/Avaldsnes an til å vere det tredje største oljefunnet på norsk sokkel. Dersom utbygging blir framskunda kan investerings-nivået bli på 2014-nivå både i 2015 og 2016.

MEIR Å GJERE: - Vi prøver i alle fall å halde på dei folka vi har. Det er veldig viktig, seier dagleg leiar Per O. Torsvik i oljeservicebedrifta SEC på Ågotnes. Framleis merkar han etterverknadene av finanskrisa i 2008, men neste år trur han på oppsving.
EIRIK BREKKE