For å verne stammane av vill laks og sjøauren mot lakselus og rømt oppdrettsfisk vil Fiskeridepartementet innføre Hardangerfjordforskrifta, som set eit tak for kor mykje oppdrettsfisk det kan vere i Hardangerfjorden/Sunnhordlands-området.

Framlegget har fått oppdrettarane – inntil vidare – til å trekkje seg frå ein friviljug redningsaksjon, “Pilotprosjekt Hardangerfjorden” som blei skipa i vinter for å betre vilkåra for vill laks og sjøaure.

Felle i tynn tråd

Villfiskinteresser, offentlege etatar, kommunar og oppdrettsnæringa gjekk i vinter saman for å finne og finansiere tiltak for å hjelpe villfisken. Mellom anna er det planar om ei fiskefelle i Etneelva, som var den siste gode lakseelva i området.

I sommar er også Etneelva stengt for fiske, for andre sesong på rad. Fiskefella skulle gjere det råd sortere ut rømt oppdrettsfisk på veg opp i elva for å gyte. Den vil koste kring 2,5 millionar kroner, men utan pengar frå oppdrettarane heng bygginga av fiskefella i ein tynn tråd.

Direktoratet for naturforvaltning (DN), som har forvaltaransvar for vill laks og sjøaure, skriv i sin kommentar til Hardangerfjordforskrifta at mengda oppdrettsfisk i Hardanger/Sunnhordland må ned.

Betydeleg reduksjon I kommentaren skriv DN at: «En har i lengre tid sett at en så høy produksjon i oppdrettsnæringen som de 50.000 tonn det legges opp til vil føre til at de fleste ville stammene av anadrom fisk (laks og sjøaure, red.merk) i Hardangerfjorden vil kunne gå tapt, og at det fremdeles ikke vil være grunnlag for fiske, verken i sjøen eller vassdragene. Om en vil sikre disse stammene og legge grunnlaget for et fiske, rekreasjon og næringsutvikling, må etter vår vurdering produksjonen reduseres betydelig inntil en har funnet bedre metoder for å få kontroll med lakselus og rømming.»

DN trur ikkje reguleringane Mattilsynet og Fiskeridirektoratet alt har sett i verk mot lakselus og rømming, er tilstrekkelege. At oppdrettarane no har trekt seg frå Pilotprosjekt Hardangerfjorden, gjer vondt verre, meiner DN:

«Dette øker behovet for å tilpasse produksjonen i oppdrettsnæringen til bærekraftig nivå», skriv direktoratet.

Fryktar for arbeidsplassar

Slik ordlyden i Hardangerfjordforskrifta er utforma, fryktar oppdrettarane at dei blir tvinga til å kutte produksjonen.

Eit slikt kutt vil gjere at fleire hundre lokale arbeidsplassar går tapt, meiner dei. Situasjonen er så uviss at konkrete strakstiltak må vente. Utsegner frå departementet om at målet berre er å fryse produksjonen, ikkje redusere den, er ikkje nok til å hindre at oppdrettarane trekkjer seg frå Pilotprosjekt Hardangerfjorden inntil vidare. «Det her vore mykje fram og attende. Det må bli det skrivne ord som gjeld. Som tilitsvald kan eg ikkje forplikta selskapa på store utlegg basert på anna einnei vedtatt forskrift. til det rår det for stor uvisse,» skriv oppdrettarane som representant i prosjektet, Cato Lyngøy i ein epost til Bergens Tidende.

Høyringsfristen for Hardangerfjordforskrifta går ut i morgon.

Bør det bli mindre oppdrett av fisk i Hardangerfjorden? Sei di meining!