-  Vi har bygd eit energianlegg det ikkje finst maken til. Vi kjenner ikkje til andre stader i verda der ein kombinerer bruken av ein brønnpark, denne typen ventilasjonskjøling og kuldelagrings-tankar, seier Anita Topdal, som er prosjektleiar for Statsbygg på Høgskolen.

Store kuldetankar

Under det som blir Kronstadplassen, er det grave ned det desidert største kuldelagringssystemet som er levert i Nord Europa. Inne i tankane er det 47.200 kjempestore kjøleelement; tilsvarande dei vi bruker i ein kjølebag. Skilnaden er berre at væska i desse frys ved ti plussgrader. Det betyr at det i varme periodar kan produserast kulde gjennom heile natta for å bruke den om dagen når behovet er størst.

Arkitektane heldt på å tisse på seg av begeistring

Gert Nielsen

81 varmebrønnar i fjellet

Nede i jorda under Høgskolen er det bora 81 hol 220 meter ned i jorda. I hola går det slangar fylt med væske som transporterer varmen og kulden opp og ned frå varmelageret. Nede i fjellet er temperaturen konstant mellom åtte og ti varmegrader.

-  Om sommaren pumper vi overskotsvarmen ned i bakken og bruker den om vinteren. Dei maskinene som lagar kjølinga om sommaren, kan brukast som varmepumper om vinteren. Du kan tenkja deg det som eit kjempebatteri som vi ladar om sommaren og tappar om vinteren, seier seniornerd i kjøleteknikk, Gert Nielsen. Han var i si tid ansvarleg for konseptutviklinga av energisystemet på Høgskolen. Då var han tilsett i Sweco, men arbeider no i Multiconsult.

- Ville av begeistring

I staden for å lufte ut varmen gjennom kjølingsanlegg på taket, vert varmen ført ned i grunnen.

<b>KULDELAGRINGSTANKAR:</b> Under Kronstadplassen ved den nye Høgskolen vart desse fire store kuldelag-ringstankane grave ned i vinter. Saman med varmebrønnane i fjellet utgjer dei eit unikt energianlegg.Foto: Picasa
Jon Hoem, HiB

- Dette gjer vi for å halda mest mogleg energi innanfor bygningane, og det tener vi både mykje energi og pengar på. Då det gjekk opp for arkitektane at vi fekk til ei løysing utan store vifter på taket, heldt dei nesten på å tisse på seg av begeistring, seier Nielsen.

Energien dei samlar i varmebrønnane i bakken er eit heilårslager, der dei samlar om sommaren og brukar om vinteren. Kuldelagringstankane brukar ein kvar dag å kjøle ned, som eit tillegg til kjølemaskinene.

Kostnadene til energi på Høgskolen er på rundt 20 millionar kroner i året. Med dette systemet vil dei sjølve laga 80 prosent av den energien dei treng. Sjølv med store investeringskostnader og venta nedbetalingstid på sju år, kjem ein til å spara kring ein million kroner i året i energiutgifter.

Miljøvenleg

-  For oss har det vore tre viktige grunnar til å ha ei slik energiløysing. Som ein viktig institusjon i Bergen ønskjer vi og å vera mest mogleg miljøvenleg og framtidsretta. Samstundes ønskjer vi å bruka sjølve bygget som eit læremiddel i undervisinga. Til dømes er det mykje å lære av og forske på både for ingeniørar og studentar på andre utdanningar, seier rektor Ole-Gunnar Søgnen på HiB.