I oktober kom meldinga om at Wintershall overtek drifta av Bragefeltet og etablerer seg i Bergen. Straks begynte telefonen å kime. Då selskapet i førre veke sette i gang ein rekrutteringskampanje og opna opp for søknader, strøymde det inn over 1800 på få dagar.

— Det tok heilt av seier driftsdirektør Alv Bjørn Solheim.

Wintershall og Statoil gjennomførte i fjor ein omfattande handel med lisensar, som mellom anna gjorde at Wintershall overtek drifta av Bragefeltet rett vest for Bergen mot slutten av dette året.158 Statoil-tilsette, både til havs og på land, fekk tilbod om å bli med over. Rundt 100 takka ja.

I tillegg er selskapet på jakt etter rundt 100 nye tilsette, 80 av dei knytt til Bragefeltet og driftskontoret i Bergen. 50 av stillingane blir til havs, 30 på land. 1450 har søkt på jobbane til havs, 350 på jobbane på land.

Jaktar lokale

No er selskapet på jakt etter kontorlokale med plass til mellom 50 og 100 personar, i Sandsli/Kokstad/Blomsterdalen-området.

— Eg trur vi skal få tak i mange dyktige folk, seier Solheim.

Det måtte bli Bergen då Wintershall fekk overta drifta av Bragefeltet, ifølgje Solheim.

— Vi er i Stavanger i dag, og Stavanger er ein ekstremt stram arbeidsmarknad. For oss er det veldig viktig å få med folk frå Statoil (som kan Bragefeltet, red. merk). Dei folka sit i Bergen i dag, og skulle vi ha noko håp om å få dei med, måtte vi vere i Bergen, seier Solheim.

Magnet på jobbsøkjarar

Ved sida av Statoil er Wintershall det første større oljeselskapet med driftsorganisasjon i Bergen sidan Statoil overtok Hydro i 2007. Administrerande direktør Morten Leikvoll i ingeniør- og konsulentselskapet Head Energy er sikker på at det tyske oljeselskapet vil vere som ein magnet på arbeidssøkjarar og leverandørindustrien til oljebransjen i Bergens-området.

— Eit sånt selskap vil tiltrekkje seg folk. Oljeselskapa ligg øvst i næringskjeda, både når det gjeld evne til å løne folk og til å vere attraktive, seier Leikvoll.

Leikvoll leiger ut ingeniørar til oljebransjen både i Stavanger og Bergen. Han anslår at ingeniørar i oljebransjen i Stavanger ligg 10-15 prosent høgare i løn enn yrkesbrørne sine i Bergen, mellom anna fordi det er langt fleire oljeselskap etablert i Stavanger enn i Bergen.

— Den type selskap er med å forsterke konkurransen, seier Leikvoll.

Lettare for leverandørar

Også industri og servicebedrifter som leverer varer og tenester til oljeselskapa, har merka seg at Bergen vil få eit nytt oljeselskap.

— Det er veldig mange som ringjer og vil kome og presentere seg, seier Solheim.

— For petroleumsmiljøet er dette veldig, veldig godt nytt, seier leiar for undervassteknologiindustri-foreininga NCE Subsea, Trond Olsen.

Han meiner bedriftene som lever av å lage utstyr og levere tenester i oljebransjen vil tene på eit nytt oljeselskap i Bergen.

Nærleik skaper tryggleik og auka merksemd. Det gir større sjansar for å kome i ein leverandørsituasjon, seier Olsen.

POPULÆR: Driftsdirektør Alv Bjørn Solheim i Wintershall treng 80 nye tilsette som skal jobbe på Bragefeltet eller ved driftskontoret i Bergen.