Til dømes var både Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og ei rekke store bedrifter utan normalt datasamband med omverda.

— Vi har to linjer som skal sikre trafikken inn til området, men begge er nett no ute av drift. Den eine på grunn av vedlikehald, den andre vart kutta av ei gravemaskin i nærleiken av Valdres, opplyste nestleiar Arilod Flaten i breibandslevrandøren Enivest i Førde tidlegare i føremiddag.

Selskapet har rundt 30 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Sambandet til Sogn vart kutta om lag klokka 09.30 i dag. Ved 11-tida var problemet ordna.

— På dagtid er det først og fremst bedriftskundane våre som lir, seier Fleten.

Fleten skildrar slike sambandsproblem som ekstremt sjeldne, og viser til at noko liknande berre har skjedd ein gong tidlegare i nyare til. Det var under ekstremvêret Dagmar i romjula.

— Ut over dette kjenner eg ikkje til noko liknande, seier han.