Og dersom du trur ei gigabru som den du vil få sjå i denne videoen er ein draum i ei fjern framtid, tru om att. Vegvesenet lanserer no fem alternativ som dei alle meiner kan byggjast om få år. Spørsmålet er ikkje om det er teknisk mogleg, men om politikarane vil.

På ein konferanse om E39 i Molde i dag presenterte Statens vegvesen ein animasjonsfilm som viser korleis dei ser føre seg å byggje ein ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim. For å få ein ferjefri kyststamveg må åtte fjordar kryssast.

— Dei enkle fjordkryssingane er alt bygde. Det er dei ekstreme som no står att, heiter det i videoen.

Og som døme på dei ekstreme fjordkryssingane har vegvesenet valt å vise brua over Sognefjorden. For dersom ei bru kan erstatte ferjesambandet Lavik-Oppedal, kan også alle dei andre sju fjordane kryssast. Ei bru over Sognefjorden vil vere vesentleg lengre enn alt anna som har vore bygt tidlegare.

Vegvesenet ser no på fem ulike brukonsept.

  • Hengjebru: Ei slik bru vil bli 3700 meter lang, nesten tre gonger lengre enn Hardangerbrua. Brutårna vil bli kring 450 meter høge, 150 meter høgare enn Eiffeltårnet.
  • Flytebru: I dag er Nordhordlandsbrua verdas lengste bru i sitt slag i dag. Men flytedelen av ei bru over Sognefjorden vil bli nesten tre gonger så lang som Nordhordlandsbrua.
  • Røyrbru: Ei røyrbru har aldri vore bygt før. Ei slik bru vil bestå av eitt eller to gigantiske betongrøyr som blir senka ned i fjorden. Røyret, eller røyra, skal flyte kring 20 meter under overflata. Trafikantane vil oppleve brua som å køyre gjennom ein betongtunnel.
  • Kombinasjonen flytebru/røyrbru: Vegvesenet meiner det også går an å kombinere ei flytebru med ei røyrbru. Heller ikkje dette er gjort før. Flytebrua vil då bli 2,5 kilometer og røyrbrua 1,2. Skip skal segle over røyrbrua, noko som reduserer krava til høgde på flytebrua.
  • Skråstags flytebru: Siste alternativet er ei tradisjonell skråstagsbru, men der tårna som held køyrebana oppe skal kvile på flytande element. Ideen har vegvesenet henta frå oljeindustrien der store oljeplattformer i årevis har blitt forankra på same vis. Var den nokon som lurte på prisen? Den kjem ikkje fram i videoen. Men vegvesenet reknar grovt med at dei åtte fjordkryssingane vil koste 100 milliardar kroner.

Hva synes du om planene? Si din mening under!

SOGNEFJORDEN 3.jpg
STATENS VEGVESEN
SOGNEFJORDEN 2.jpg
STATENS VEGVESEN
SOGNEFJORDEN 1.jpg
STATENS VEGVESEN
SOGNEFJORDEN 4.jpg
STATENS VEGVESEN