Etter eit møte mellom oppdrettarane og Fiskeridepartement i førre veke, gjer departementet det klart at målet med den nye Hardangerfjordforskrifta er å fryse oppdrettsproduksjonen på dagens nivå, ikkje tvinge fram store kutt. Oppdrettarane frykta dei måtte krympe produksjonen med 30 prosent.

— Målet er å lage eit sjølvberande reguleringssystem som sikrar at det ikkje på noko tidspunkt står meir enn 50.000 tonn laks i Hardanger, seier ekspedisjonssjef Magnor Nerheim i Fiskeridepartementet.

50.000 tonn er omlag den mengda fisk som står der i dag.

Framlegget I framlegget til forskrift står det derimot at: "Summen av maksimalt tillate biomasse (MTB) i alle løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure, som er gitt i Hardangerfjorden skal frå 1. oktober 2013 ikkje overstige 50.000 tonn MTB." Biomasse er talet på fisk ganga med vekta. Biomassen veks med fisken, og oppdrettsanlegga skal først nå grensa (MTB) i det fisken er slakteklar. Alle oppdrettarane kan ikkje ha slakteklar fisk i alle anlegg samstundes. Den praktiske konsekvensen av formuleringa i forskrifta er difor at oppdrettsproduksjone skal ned.

Men det er altså ikkje kva departementet meiner, og oppdrettarane må i følgje Nerheim nytte høvet til å lage eit framlegg til korleis ei regulering som sikrar at mengda oppdrettsfisk i området ikkje blir større enn 50.000 tonn.Godt nøgd oppdrettar

— Den store dramatikken er unngått, seier en godt nøgd Sveinung Sandvik. Han er leiar for bransjegruppe havbruk i Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL).

Før møtet i departementet åtvara FHL om at eit kutt i oppdrettsproduksjonen i Hardanger/Sunnhordland ville gitt fleire hundre tapte arbeidsplassar og sette tre lakseslakteri i Hordaland i fare. Oppdrettarane var også opprørt fordi dei meinte formuleringa i framlegget til forskrift var i strid med politiske signal om at dei skulle sleppe å redusere oppdrettsproduksjonen.Skuffa over snuoperasjon

Sven-Helge Pedersen er villfiskforkjempar og leiar for Hardanger Villfisklag. Han vil ha ned oppdrettsproduksjeon i Hardangerfjordområdet. Å ha tilsaman 50.000 tonn laks ståande i oppdrettsanlegga er for mykje.

— Det er eit tal som vi har historisk erfaring for at vi ikkje kan leve med. Det er mykje vertar (for lakselus, red.merk) ståande i fjorden, og med resistensproblema hengande over oss så er situasjonen verre enn vi har hatt den hittil, seier han.

Hardangerfjorden og Sunnhordland er eit område med ein av dei tettaste konsentrasjonane av oppdrettsanlegg i Noreg.

I 2008 sette fiskeridepartementet ned foten for nye oppdrettskonsesjonar i området. Poenget var å verne dei hardt pressa stammene av vill laks og sjøaure mot rømt oppdrettfisk og lakselus. Etterpå er det innført fleire avgrensingar i korleis oppdrettarane skal drive, delvis for å få ned mengda lakselus, delvis for å hindre spreiing av sjukdom.

Mellom anna er Hardanger/Sunnhordland delt i sju soner, der alle oppdrettarane i kvar sone må drive i takt. Etter slakting må sona ligg brakk i ei periode, lenge nok til at storparten av lakselusa døyr av mangel på vertsfisk å snylte på.