— Dette er ikkje til å leva med. Vi må ha ny kai, seier Morten Samskott, dagleg leiar i Gudvangen Stein AS.

Nyleg vart ein gravemaskin som rydda eitt ras, råka av det neste. Heldigvis verka varslingsordninga. Føraren kom seg ut i tide, og sprang for livet.

Spektakulært

Ny kai i eit landskapsvernområde med plass på UNESCO-lista er ikkje beint fram. Aurland kommune ser på dei spektakulære planane som vart lansert for ei storstilt utvinning av kvit stein (anortositt). Der skal lasteskipa sigla inn i ein svær hall, utsprengd i fjellet, med tilkomst for bil via ein sidetunnel til Gudvangatunnelen på E16. Kostnad mellom ein halv og ein heil milliard kroner har vore antyda.

— Vi skipar ut stein i ein langt mindre skala, og kan klara oss med ein mindre hall, seier Samskott.

— Minimumsløysinga er eit lite hol i fjellet, som vi kan stikka eit transportband ut gjennom kvar gong vi lastar. Men får vi baugen på båten innanfor, kan vi gjera lastinga både støy- og støvfri, legg ha til.

Kostbart

  • Og det har de råd til?

— Vi har ikkje så mange alternativ, og ingenting er gratis. Eit utal av små snøskred, og fem så store at kaien er stengt, berre på fem veker sidan nyttår, er ikkje til å leva med.

  • Kva har det ført til?

— Vi risikerer at kundane ikkje får steinen til avtalt tid, skip må endra siglingsplanen, og seinast laurdag fekk eit skip ekstra lang liggjetid ved kai. Då hadde vi tre lastebilar i skytteltrafikk frå gruva opp i dalen, fortel Samskott.

Til vanleg køyrer bilane steinen til siloar ved kaien i god tid før skipet kjem, og lastinga går radig unna. Laurdag var den vesle plassen mellom siloar og kaikant uframkomeleg i snømassane.

Planlagt slik

Snøen kjem buldrande ned gjennom renna bak ein oppbygd rasvoll som vernar folk, hus og hotell i Gudvangen. At snøen hamnar på utskipingskaien er med andre ord tilsikta. Problemet i år er store snømengder. Det gir hyppige og store skred.

— Rassikringa er utført etter Norges Geotekniske Institutt sine planar. Det verkar effektivt, og betre løysingar er vanskeleg å få auga på. Men for oss er det ei sann plage, og folk på Bakka blir isolert. Ny kai, og snøoverbygg for Bakkavegen, hadde løyst problema, seier Samskott.

Kombinasjon med ei turistskipskai i Gudvangen ser han også på som ei brukande løysing.

UNESCO-plunder

Det har Stein Engen, leiar for plan og utvikling i Aurland kommune, inga tru på.

— Den kaien måtte i tilfelle liggja nær bensinstasjonen ved tunnelmunningen. Der får vi ikkje byggja kai til småbåtar ein gong, seier utvalsleiaren.

Engen er oppgitt over alle restriksjonane UNESCO-statusen fører med seg.

— No er det veldig mange som har mykje på hjartet, nesten same kvar vi skal regulera noko i kommunen, seier han.

Verdsarvreglane skulle ta høgde for anortosittverksenda i Nærøydalen, men når det kjem til stykket, haglar det med motsegner. Engen har mest tru på transportband ut gjennom fjellveggen, og steinsiloar inne i fjellet ved Gudvangatunnelen. Alternativa på andre sida av bukta er rasutsette.