Snøskred stoggar steineksport

Kvit snø i strie straumar hindrar eksport av kvit stein frå den verdsarvlista Nærøydalen. Fem skred har stengt kaien sidan nyttår.

- Dette er ikkje til å leva med. Vi må ha ny kai, seier Morten Samskott, dagleg leiar i Gudvangen Stein AS.

Nyleg vart ein gravemaskin som rydda eitt ras, råka av det neste. Heldigvis verka varslingsordninga. Føraren kom seg ut i tide, og sprang for livet.

Spektakulært
Ny kai i eit landskapsvernområde med plass på UNESCO-lista er ikkje beint fram. Aurland kommune ser på dei spektakulære planane som vart lansert for ei storstilt utvinning av kvit stein (anortositt). Der skal lasteskipa sigla inn i ein svær hall, utsprengd i fjellet, med tilkomst for bil via ein sidetunnel til Gudvangatunnelen på E16. Kostnad mellom ein halv og ein heil milliard kroner har vore antyda.

- Vi skipar ut stein i ein langt mindre skala, og kan klara oss med ein mindre hall, seier Samskott.

- Minimumsløysinga er eit lite hol i fjellet, som vi kan stikka eit transportband ut gjennom kvar gong vi lastar. Men får vi baugen på båten innanfor, kan vi gjera lastinga både støy- og støvfri, legg ha til.

Kostbart
- Og det har de råd til?

- Vi har ikkje så mange alternativ, og ingenting er gratis. Eit utal av små snøskred, og fem så store at kaien er stengt, berre på fem veker sidan nyttår, er ikkje til å leva med.

- Kva har det ført til?

- Vi risikerer at kundane ikkje får steinen til avtalt tid, skip må endra siglingsplanen, og seinast laurdag fekk eit skip ekstra lang liggjetid ved kai. Då hadde vi tre lastebilar i skytteltrafikk frå gruva opp i dalen, fortel Samskott.

Til vanleg køyrer bilane steinen til siloar ved kaien i god tid før skipet kjem, og lastinga går radig unna. Laurdag var den vesle plassen mellom siloar og kaikant uframkomeleg i snømassane.

Planlagt slik
Snøen kjem buldrande ned gjennom renna bak ein oppbygd rasvoll som vernar folk, hus og hotell i Gudvangen. At snøen hamnar på utskipingskaien er med andre ord tilsikta. Problemet i år er store snømengder. Det gir hyppige og store skred.

- Rassikringa er utført etter Norges Geotekniske Institutt sine planar. Det verkar effektivt, og betre løysingar er vanskeleg å få auga på. Men for oss er det ei sann plage, og folk på Bakka blir isolert. Ny kai, og snøoverbygg for Bakkavegen, hadde løyst problema, seier Samskott.

Kombinasjon med ei turistskipskai i Gudvangen ser han også på som ei brukande løysing.

UNESCO-plunder
Det har Stein Engen, leiar for plan og utvikling i Aurland kommune, inga tru på.

- Den kaien måtte i tilfelle liggja nær bensinstasjonen ved tunnelmunningen. Der får vi ikkje byggja kai til småbåtar ein gong, seier utvalsleiaren.

Engen er oppgitt over alle restriksjonane UNESCO-statusen fører med seg.

- No er det veldig mange som har mykje på hjartet, nesten same kvar vi skal regulera noko i kommunen, seier han.

Verdsarvreglane skulle ta høgde for anortosittverksenda i Nærøydalen, men når det kjem til stykket, haglar det med motsegner. Engen har mest tru på transportband ut gjennom fjellveggen, og steinsiloar inne i fjellet ved Gudvangatunnelen. Alternativa på andre sida av bukta er rasutsette.

Les også

Siste fra Økonomi

- Vi får ikke fylt bensin

Shell-stasjonene over hele landet sliter på grunn av teknisk feil.

- Facebook vil kjøpe
opp norsk nettleser

Opera kan havne i Mark Zuckerbergs hender, ifølge amerikansk teknologinettsteder.

Denne gjør dem styrtrike

Mens mesteparten av oljepengene går i statskassen, har oppdrettnæringen gjort flere hundretalls familier langs hele kysten styrtrike.

Putin legger press på Statoil-sjefen

Helge Lund fikk klar beskjed da han tilsynelatende var kalt inn på teppet hos Vladimir Putin i går. Putin vil at Lund åpner pengekranen innen en måned, og bygger ut gassfeltet Stockman i Barentshavet.

Alt du sier og gjør, kan og vil bli brukt mot deg. Av Facebook.

Begrepet «What happens in Vegas, stays in Vegas» gjelder på ingen måte for Facebook, skriver Even Teimansen.

Mest lest på økonomisiden

Valutakalkulator

Rekrutteringsselskaper

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,01 6,02
 
SEK
+0,00 0,84
 
EUR
-0,03 7,53
 
GBP
-0,03 9,42
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+0,09% 392,17
 
Dow Jones
-0,23% 12 502,43
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,43 106,98

I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer

Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer

Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer

Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer

Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer

Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer

Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger